Kvernhuset til Nomeland bnr. 1 28. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

To fine kvernhus i Kåvåne

Godt skjult i eit juv på nedsida av Riksveg 9 ved Kåvåne i Hylestad står to gamle, fine kvernhus og minnar om ei tid som er forbi.

Dei to kvernhusa høyrer til Nomeland (gnr. 64 i Valle kommune). Retten til å male her hadde dei kjøpt frå bøndene på Uppstad i gamal tid, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad (bind I, s. 442). Då gards- og ættesoga kom ut i 1985 var begge husa sagt å vere i etter måten god stand. I dag, 40 år seinare, er stoda omtrent likeeins etter det eg kan sjå frå utsida. Dei har bølgeblikktak begge to og det har nok bidrege sterkt til at dei står omtrent som dei ein gong var.

Kvernhusa står på kvar si side av elva.

Les også: Kornet frå åkeren til kverna

På Nomelandsida

Kvernhuset til Nomeland bnr. 1. Foto av framsida.
Kvernhuset til Nomeland bnr. 1 28. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Kverna på sørsida står på eigedomen Mo (gnr. 64, bnr. 14) sin grunn, men på gnr. 64 bnr. 1 då det blei bygd. Huset er truleg oppført på 1800-talet, 4. kvartal, jf. SEFRAK-registeret. På registerkortet frå 1977 står det at det er mange innskrifter i tømmeret, særleg frå tida rundt andre verdskrigen. Det stemmer godt med munnlege opplysningar frå Kirsten Bråten Berg på bnr. 1 om at det blei male på kverna under krigen. Vatnet ser ut til å ha kome gjennom ei naturleg eller uthogd renne i fjellknatten ovafor kverna før ei trerenne har ført vatnet det siste, bratte stykket ned på kvernkallen. Kallen står framleis under huset, men utan fjørene.

På Uppstadsida

Kvernhuset på Uppstadsida av elva. Nærbilete.
Kvernhuset på Uppstadsida av Kåvåne 28. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Kvernhuset på nordsida ligg på garden Uppstad sin grunn. Kåvåne er i bytet mellom dei to gardane. Men kvernhuset høyrer til eit bruk på Nomeland. Dei hadde slik alt nemnt kvernrettar i Kåvåne. Kverna er truleg oppført på 1800-talet, 2. kvartal, jf. SEFRAK-registeret. Årstalet 1846 er rissa inn i ein trestokk. Ved SEFRAK-registreringa i 1977 noterte inspisenten at kverna hadde nytt golv og tak. Det blei også notert at veggane innvendig var innsmurte med eit tynt lag av ei leire- eller sementblanding. Kvernkallen står framleis under huset.

To kvernsteinar ved kvernhuset på Uppstadsida 28. august 2025. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kvernminne

Kornet
Kvernebekken Gryte i Valle
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kvernminne – litteratur og kjelder
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Kvernhuset i Lislestog
Kvernene på Sordal
Kvinnebekken på Dale
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.