Høybua på Skarsmo 28. september 2019. Foto: Geir Daasvatn

Høybua på Skarsmo

Eg er veldig fengsla av den gamle høybua rett i nærleiken av rasteplassen på Skarsmo, litt nord for Byklestøylane, i Bykle.

Fargane på landskapet – og bua – skiftar så fint etter årstidene. Eg kjenner meg alltid litt spent når eg nærmar meg denne staden. «Korleis ser bua ut i dag, tru?»

Eg har fått vite av Tor Hallvard Mosdøl at bua høyrer til familien sitt gardsbruk Kultran nede i Kyrkjebygda. Ho er frå den tida bøndene måtte hente vinterfôr i utmarka. Dei slo myrer og andre stadar det var gras om sommaren, og henta høyet heim med hest og slede om vinteren. Dei hadde ikkje nok fôr på innmarka.

Meir om Setesdal

Fleire kulturminne

Moi jernbanebru – Hornnes
Postvegen – Bjørnarå
Kjetsåbrua – Hornnes
Straumsfjordstemmen
Landeeika gjennom nok eit år!
Nomelandshaugen
Trøskjeskjolet – Åmland
Landeeika – eitt av Norges eldste tre!
Sandnes skulehus
Hoslemo gamle bru
Verksmuren – Setesdalens Koparverk
Setesdalsbanen – Dammen, Vassend

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.