Ljosland fjellhage 25. juli 2024. Foto: Geir Daasvatn

Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!

Ljosland fjellhage ligg 530 meter over havet, på Ljosland nord-vest i Åseral. Her finst over 100 ulike fjellplantar frå heile landet.

Fjellhagen ligg idyllisk til, ned mot elva, bak Ljosland Fjellstove. Du går på ein fint oppmura grusstig. Heile vegen er det informasjonsskilt og plakatar som fortel kva du ser. Heile turen kan vel vere 200–300 meter lang. Gje deg god tid; det er ein nydeleg spasertur!

Stykket held fram under biletet

Turstig i vakkert elvelandskap! Foto: Geir Daasvatn

Plantar frå snaufjellet

Dei fleste plantane har hovedutbreiinga si på snaufjellet, i Setesdals- og Sirdalsheiene på Agder. I tillegg er det ei eiga samling med norske fjellplantar som ikkje veks naturleg i Agderfylka.

Fleire av fjellplantane er planta ut i grupper etter veksestad. Dei blir presenterte med det norske, vitskaplege, engelske og tyske namn. Hagen er fin å bruke til å lære om plantane!

Alltid open!

Fjellhagen er alltid open. Det er gratis, men du kan gi eit frivillig bidrag om du har lyst til å støtte arbeidet med hagen. Den frodigaste bløminga er normalt i juni.

«Fjellhagens dag» blir arrangert årleg, siste søndag i juni.

Stykket held fram under biletet

Det er så fint å gå langs stigen! Det fungerer også greit med rullestol. Dei små, kvite merka informerer om kva plante du ser. Foto: Geir Daasvatn

Samarbeid

Ljosland fjellhage er eit samarbeidsprosjekt, organisert som ein stiftelse, mellom Åseral kommune, Agder fylkeskommune og Naturmuseum og botanisk hage, Universitetet i Agder. Statsråd Jon Lilletun opna hagen 27. juni 1999. Helga 29.–30. juni 2024 var det eit storslege arrangement på Ljosland i samband med at Fjellhagen fylte 25 år!

Kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire attraksjonar

Kvennevassdammen – Ljosland
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping