Vikingvegen langs Otra 27. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Vikingvegen – Hovden

Vikingvegen er ein stig på Hovden, ein om lag tre kilometer lang grusveg, som går frå Hegni friluftsområde opp turvegen til det tidlegare høgfjellshotellet.

Eit tips er å starte turen ute på moloen med den høge skulpturen. Det er Bykle kommune sin tusenårsstad. Her kan du sjå eit svært interessant funn frå jernutvinninga.

Langs stigen vidare er det skilt som fortel historia om jernutvinninga. Du får sjå både jernvinnetufter og kolgroper ute i terrenget. Her er også skilt som fortel om villreinen. Historia omkring tamreindrift, vasskraft og kulturminne i høgfjellet er ein viktig del. Det er i alt 18 skilt langs løypa, der kvart einaste eitt har noko spennande å lese! Om du kikkar deg litt rundt, får du sjå naturens eigne kunstverk som stikk seg opp og fram.

Turen held fram under biletet

Kolgrop langs Vikingvegen. Foto.
Kolgrop langs Vikingvegen. Foto: Geir Daasvatn

Det er ikkje ei rundløype. Om du snur ved enden og går tilbake til startpunktet, får du altså ein spasertur på rundt seks kilometer. Eg sykla gjennom løypa, og det var veldig greitt på godt grusunderlag. Det er nokre små bakkar opp og ned, som ikke er tunge og bare gjer turen litt meir variert og givande. Landskapet langs Otra er veldig idyllisk. Det går fint å trille ei barnevogn i løypa, og sikkert også bruke rullestol iallfall i deler av løypa. Om kvelden er løypa lyst opp. Ho er kort sagt ein verkeleg «højdare» av ei turløype, denne her, både med tanke på fysisk aktivitet og intellektuell trening!

Om vinteren er det lysløype i same trasé.

Turvegen er eit samarbeid mellom Kultur og fritid i Bykle kommune og Destinasjon Hovden.

Kart over området

God tur!

Lenker

Starten av turen ved den lange moloen i Hegni friluftspark. Foto.
Start gjerne turen her ved den lange moloen, seier dei lokalkjende. På den høge skulpturen bak i biletet er det eit fint kulturminne som gir deg ein «flying start» på turen. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Kvennevassdammen – Ljosland
Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale