Revy i Bygland: Siktar mot stjernene!

Fire undrende damer på en benk. Foto.

Til helga er det klart for årets revy i Bygland, under tittelen Halvvegs til Hovden. Eg var ein kjapp tur innom prøvene på Bygland Kulturscene laurdag, for å lodde stemninga i Bygland Dramatiske Selskab før det brakar laus om nokre få dagar. Den korte konklusjonen må vere – noko stort er i vente! Under framsyninga […]

Kulturpatrulja feirar 10 år!

Fire unge utøvarar i Kulturpatrulja sommaren 2016. Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Åsmund Tanche-Larsen Knutsen og June Salte Thorsen. Foto.

Søndag 15. okt. har Kulturpatrulja 10-årsjubileum. Det vert feira med stor konsert i Hylestad soknehus på Rysstad klokka 16.00. Prosjektet er eit samarbeid mellom Setesdalsmuseet og Visit Setesdal. Kvar sommar syter unge utøvarar innan spel, dans og stev for å bringe ekte setesdalskultur ut til folket. Utøvarane har variert gjennom åra. 16. juli 2016 (biletet […]

«Bygland parkvesen» ferdig med første jobben i Hagen!

Olav Grendstad og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin etter fullført jobb 14. juli 2023. Foto.

Arbeidsgjengen med det litt uformelle namnet «Bygland parkvesen» har nå fått rydda unna det mest påtrengande av buskar, kratt, store greiner og små tre m.v. rundt bygningane på husmannsplassen Hagen på Lauvdal. Dei tre er Olav Grendstad (arbeidsleiar) og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin frå Ukraina. Dei er engasjerte på deltid i Bygland kommune i sommar. […]

Husmannsplassen Hagen blir rydda!

Husmannsplassen Hagen . Foto.

Husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit vakkert og verdifullt kulturminne i Setesdal. Nå er ein liten flokk personar i parkvesenet i Bygland i gang med å rydde staden for buskar og kratt. Diverre har staden grodd ikkje så reint lite igjen dei seinare åra. Bygningsmassen treng òg noko vøling. Det stod eit stort […]

Ellevilt om fylkesgrensa!

Humoristen Olav Grendstad utfolder seg. Foto.

Olav Grendstad saman med kompanjong Åsmund Åmdal synte fram ein ellevill, humoristisk og til tider tankevekkande lynfestival om fylkesgrensa mellom Aust- og Vest-Agder på Stoga i Bygland laurdag kveld. I åra 2006–2012 gjennomførte Olav saman med Åsmund ein fylkesgrenseekspedisjon. Dei fysisk gjekk, klatra, padla og skræva på den ca 300 kilometer lange fylkesgrensa mellom Aust- […]

Kjapt årsmøte og stor kulturkveld

Inger Lise Stulien syng og Knut Kjetil Møen spelar gitar. Foto.

Tysdag 21. februar gjennomførte Evje og Hornnes sogelag årsmøtet sitt på Furuly fleirbrukshus på Evje. Tradisjonen tru blei årsmøtet følgt opp av ein fin kulturkveld. Leiaren i sogelaget, Erik Kjebekk, opna årsmøtet temmeleg presis kl. 18 og ønska alle velkomen. Det var oppimot 40 menneske som ville ha med seg møtet. Det må seiast å […]

Bokbad: Ida Marie Haugen Gilbert heim til Evje!

Ida Marie Haugen Gilbert. Portrettfoto.

«Mørk og morsom harselas med ulvedebatten som bakteppe. (…) Teksten tar spenntak fra første side, og holder uanstrengt på leserens interesse gjennom tre nokså ulike deler. (…) Jeg gleder meg allerede til neste bok fra denne forfatteren.» Ja, denne overstraumande bokmeldinga av «Tute med de ulver som er ute» kjem frå Maria Årolilja Rø, Adressavisen, […]

Setesdalsfolk – folkemusikk og dans i Setesdal

Annbjørg Lien. Portrett. Foto.

I 2019 kom setesdalstradisjonen med spel, dans og song i Setesdal på UNESCO si representative liste for immateriell kulturarv. Setesdalsfolk er eit 3-årig prosjekt som Agder fylkeskommune frå januar 2021 har oppretta for oppfølging av UNESCO-statusen. Det innskrevne element på UNESCO-lista er spel (hardingfele og munnharpe), song (stev og stevjing) og dans (setesdalsgangar). Prosjektleiar for Setesdalsfolk er Annbjørg […]

Evje og Hornnes bygdekor med 40-årsjubileum!

Evje og Hornnes bygdekor. Foto.

Ein februarkveld i 1983 samla ein spent og songglad gjeng med bygdefolk seg på Hornnes gymnas til den aller første øvinga i Evje og Hornnes bygdekor. Som tida flyg! Nå er det alt gått 40 år siden den storhendinga. Bygdekoret er framleis i full vigør. Alt ligg då til rette for ei heidundrandes jubileumsfeiring innan […]