Austadburet 24. februar 2017. Foto: Geir Daasvatn

Austadburet

Austadburet står på gardsbruket Der heime (gnr. 13 bnr. 8) på Nordre Austad i Bygland.

«Av folk på garden er huset kalla bur. Det kan likevel ikkje vera tvil om at det frå gammalt må ha vore kalla loft», skriv Egil Berg i Norske minnesmerker – Norske tømmerhus frå mellomalderen.

Grunnen til det er venteleg at bygget har gått over frå å vere eit kombinert sove- og forrådshus til å bli eit reint forråds- og lagerhus.

Før Svartedauden

Mykje av laftinga er findalshogg, som ifølge Berg må vere gjort før 1350 (Svartedauden). Det er også innslag av raulandshogg i bygget. Det er ein nyare lafteteknikk. Forklaringa kan kanskje vere at bygningen er reparert etter at findalslafting er gått i gløymeboka.

Buret er ved C14-analyse tidfesta til ca år 1344. Det er då eitt av dei eldste i Setesdal. Det er automatisk freda.

Om du køyrer nordover gjennom Austad ser du lett buret på di høgre hand noko etter at du har passert den gamle kyrkjegarden.

Kjelder

Der heime med Austadburet i midten 1. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Futevegen – Syrtveit sør
Kjeddingsteinen – Åseral
Longerak brygge
Verksmuren – Setesdalens Koparverk
Homme skulehus – Valle
Kirkebygdens elektriske Anlæg – Åseral
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Heddessteinen
Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9
Byklestøylane
Kongshaugen – Evje
Langeidsverdet

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.