Kirkebygdens elektriske Anlæg var eit kraftverk i Monn i Rjukanliæ, ein kilometers veg nord for Kyrkjebygd.
Kirkebygdens elektriske Anlæg blei bygd alt i 1914. Det var bøndene i Kyrkjebygda som stod bak anlegget. Planane var utarbeidde av ingeniør Chr. Larsen i Kristiansand. Firmaet B. M. Svendsen leverte utstyret. Generatoren kunne levere 18 kW.

Frå sjølve kraftstasjonen gjekk det eit vassrøyr opp til ein inntakskum ved ein dam som var bygd i elva. Det er spor etter alle desse anlegga på staden den dag i dag. Like ved ruinen etter stasjonen kan me også sjå brukara etter ei bru som blei bygd for tilkomst til anlegget.
Det blei bygd til saman ei halv mil med luftledning. Kraftverket gav straum til 348 glødelamper.
Når det var frost kunne inntaket fryse. Tarjei Mjåland (f. 1901) var elektrikar og passa kraftverket. «Han hadde alltid ei ljospære som lyste heime. Når ljoset minka i pæra og ho berre gløda, var det teikn på for lite vasstilføring til kraftverket. Han måtte då skunda seg nord til kraftverket, opp til dammen og få vekk isen frå inntaket. Dette måtte han også gjera om nettene», heiter det på eitt av dei flotte informasjonsskilta som Åseral kommune har sett opp ved det spennande kulturminnet.
I 1919 ville eigarane selge kraftverket og fallrettane til kommunen for 10.000 kroner. Men dei fekk nei. I 1922 tok i staden Vest-Agder Elektrisitetsverk (VAE) over anlegget. I desember 1932 blei Skjerka kraftverk sett i drift og resten er historie!
Kjelder
- Kulturminneplan Åseral, 2020–2025, s. 28
- Informasjonsskilt ved kraftverket
Du vil kanskje også sjå
