Tilbake i tid var det alt-i-alt 13 kvernhus langs bekken Gryte i Valle.
Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var mykje vatn i elva.
Det blei male matmjøl og malt til ølbrygging. Til husdyra grøypte (grovmol) dei kornet. I kultursoga for Valle kan du lese mykje meir om kornet og vegen frå åkeren til kverna. I den nye boka til underteikna m.fl., Hovassåna – krafta i elva, er det eit stort kapittel om kvernhusa og mykje bakgrunnsstoff om denne prosessen.
Kvernhusa ved Gryte
Gryte renn frå Stavedalen oppe i heia og vestover ned dalsida gjennom gardane Brottveit, Tveiten og Harstad og ut i Otra frå aust. Her var det altså ei tid heile 13 kverner. I tillegg til dei nemnte gardane hadde fleire andre gardar kverner her.

På Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo står eit kvernhus frå Harstad der året 1563 er rita inn i ein stokk. Langs Gryte har det såleis vore kverner i minst 450 år! Men kvernhusa er nok skifta ut både ein og kanskje fleire gonger. Nokre gonger var det naudsynt å byggje opp att kvernhus som var teke av flaum og uvér. Den «normale» slitasjen på husa var òg stor. Dei stod i eit blautt og hardt miljø og var nok svært utsette for rote og andre skader.
Det står fem kvernhus att langt nede langs bekken, der den flotte turstigen Kvernhusvegen tek til. Dei var i bruk til 1950-talet og er seinare restaurerte, står det på eit informativt skilt der. Årstal som er rita inn i stokkane og utforminga syner at kvernene her er frå før år 1800.
Unik kvernkultur i Setesdal
I Melding frå Bekkekvernutvalget 1955–1965 heiter det, med stor fagleg tyngde:
Setesdal er for øvrig et kapittel for seg når det gjelder disse kvernsakene. I denne dalen var en rekke bekkekverner i bruk så sent som i 1940- og 1950-årene, og neppe noen steder i vårt land har «kvernkulturen» nådd så høyt som her. En del av Setesdalskvernene er rene mesterverk hva lafteteknikk og utførelse ellers angår.
Om du tek deg ein tur langs Kvernhusvegen i Valle, kan du sjå desse kunstverka på nært hald! Du kan parkere bilen borte ved skuleområdet, og gå dei få meterane langs Harstadvegen fram til turvegen og kvernhusa.
Kjelder
- Plakat/oppslag ved starten på Kvernhusvegen
- Geir Daasvatn m.fl., Hovassåna – krafta i elva, utgjeve av Geir Daasvatn Foto & Forlag, 2025
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VIII, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 107 flg.
Du vil kanskje også sjå
