Buret på Kyrkjevodden ein sein julikveld i 2017. Foto: Geir Daasvatn

Buret på Kyrkjevodden

Kyrkjevoddenburet er eit mellomalderbur på Kyrkjevodden under Åknes ved nordre enden av Lognavatn i Åseral.

Buret er tidfesta til 1600-talet, 1. kvartal (1620). Grunneigar er Trond Egil Åknes.

Bygningskulturen i Åseral skil seg frå den ein finn i andre kommunar i Vest-Agder, heiter det i Kulturminneplanen. Det er særs mange bur som framleis eksisterer. Skraddarburet i Austegard er det mest sagnomsuste, truleg bygt på 1520-talet. Eit anna er Espelidburet (1620).

Kyrkjestad

Kyrkjevodden er ein gamal kyrkjestad. Det er påvist at det har stått ei lita stolpekyrkje her frå katolsk tid, truleg frå kring år 1200 eller noko tidlegare. I dag ligg kyrkja nokre hundre meter lenger sør, Åknes kapell.

Kjelder

Sjå også

Meir om Åseral

Buret 31. juli 2022. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Landeeika gjennom nok eit år!
Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland
Fjellskarbrua – Rysstad
Røysland gravfelt i Valle
Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål
Postvegen – Fosslid
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Loftet på Nomeland Der oppe
Drenkadøl – Rygnestad
Gravfeltet på Moi – Bygland
Vetterhussaga – Hornnes
I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.