Tverrå-brua 27. oktober 2018. Foto: Geir Daasvatn

Tverrå gamle bru – Bykle

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråi på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden.

Brua er ifølge Kulturminnesok.no bygd i 1915. Først var ho ein del av den planerte ridevegen som blei avlevert i 1915. Seinare inngjekk ho i køyrevegen som blei bygd her i 1924. Vegen heilt opp til Hovden var offisielt ferdig i 1935, men truleg køyrbar noko tidlegare. Brua var i bruk til ny riksveg og ny bru kom i 1968.

I 1983 restaurerte Statens vegvesen den gamle brua, rydda området for kratt og laga ein fin rasteplass.

Sving innom!

Kjelder

Sjå også

Meir om Setesdal

Rasteplassen ved Tverrå bru. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Hanehaug – Bygland
Listeinsfjellet på Evjemoen
Husmannsplassen Hagen
Skraddarburet – Åseral
Postvegen – Vennesla
Bygland kyrkje
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Postvegen – Bjørnarå
Langerak kraftverk
Birkåsen – Hornnes
Systog Dale-loftet
Træletveit gravfelt – Åraksbø