Fånefjell vegmiljø

Fånekleiva på Postvegen i Bygland. Foto.

Fånefjell vegmiljø er eit nasjonalt verna vegminne ved Fånefjell mellom Longerak og Lauvdal i Bygland. Kulturminnet omfattar fire generasjonar vegar frå meir enn 500 år i tid. Det bratte og vanskelege terrenget viser kva utfordringar vegbyggarane hadde tidlegare. Her finn vi spor av den eldste kløvvegen og den første køyrevegen frå 1842, som begge går […]

Tårnet – Longerak

Tårnet, ei lita hytte på Longerak. Foto.

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. […]

Deknehola ved Storstraumen

Leirbukti til Fuglekilen ved Storstraumen i Bygland. Foto.

Deknehola er ei grop eller eit djupt søkk i moreneryggen på austsida av Fuglekilen, rett aust for Storstraumen, i Bygland. Hola er eit synleg minne om eit mislukka kanaliseringsprosjekt som prominente menn i Bygland sette i gang rundt 1740. Før det kom køyreveg (kjerreveg) oppover i Setesdal, blei mykje gods frakta etter Byglandsfjorden på nokre […]

Langerak kraftverk

Langerak kraftverk. Foto.

Langerak kraftverk er eit vasskraftverk i grenda Longerak i Bygland. Det spesielle kraftverksbygget er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Er du i området likevel, til dømes for å gå i turløypa opp til Snipa, har du ein ekstra god grunn til å studere praktbygget litt nærare. Det ligg i skogen, rett på oversida av Riksveg 9. Kraftverket […]

Landeeika – eitt av Norges eldste tre!

Landeeika, Grendi, Bygland. Foto.

Landeeika er eit eldgamalt, kanskje 1000 år gamalt, tre i Grendi i Bygland. Det veks like attmed riksveg 9, eit par hundre meter sør for Årdal kyrkje. Landeeika skrivast óg som Landeeiki. I fylgje forfattar Nystad så var dette eit heilagt tre. Diameteren i rota skulle vera 3,5 meter. Alderen er noko uviss, men fagfolk meiner han ligg mellom 800 […]

Haugenloftet – ein unik kulturskatt

Haugenloftet-Haugeburet, Åraksbø. Foto.

Haugenloftet, eller Haugeburet som det vel kallast lokalt i Bygland, vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal loftet vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt […]

Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?! Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken […]

Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt […]