Tverrå gamle bru – Bykle

Tverrå steinkvelvbru i Bykle. Foto.

Tverrå gamle bru er ei steinkvelvbru over Tverråi på den gamle køyrevegen mellom Berdalsbru og Hovden. Brua er ifølge Kulturminnesok.no bygd i 1915. Først var ho ein del av den planerte ridevegen som blei avlevert i 1915. Seinare inngjekk ho i køyrevegen som blei bygd her i 1924. Vegen heilt opp til Hovden var offisielt […]

Gamlevegen ved Berdalsbru

Otra forbi dei gamle brukara etter Berdalsbrua. Foto.

Den første brua over Otra ved Berdalsbru blei bygt i 1912–1913. Det var ei nydeleg steinkvelvbru, har eg sett på gamle bilete. Den gamle vegen følger elvekanten på austsida, til høgre på biletet, og møter Riksveg 9 like nord for der brua kjem over i dag. Sprengt av norske motstandsfolk Steinkvelvbrua blei sprengt i stykker […]

Auvervassåi gamle bru – Bykle

Den gamle steinkvelvbrua over Auvervassåi. Foto.

Auvervassåi gamle bru er ei vakker steinkvelvbru på «gamlevegen» mellom Bykle kyrkjebygd og Hovden. Brua er bygd i 1911 i følge opplysningar på Kulturminnesok.no. Først inngjekk ho i den halvannan meter breie planerte ridevegen som vart grovt ferdig i 1905 og avlevert i 1915. Så inngjekk brua i den endelege køyrevegen som vart grovt ferdig […]

Høybua på Skarsmo

Høyby, Skarsmo, Bykle. Foto.

Eg er veldig fengsla av den gamle høybua rett i nærleiken av rasteplassen på Skarsmo, litt nord for Byklestøylane, i Bykle. Fargane på landskapet – og bua – skiftar så fint etter årstidene. Eg kjenner meg alltid litt spent når eg nærmar meg denne staden. «Korleis ser bua ut i dag, tru?» Eg har fått […]

Hoslemo gamle bru

Hoslemo steinkvelvbru, Bykle. Foto.

Hoslemo gamle bru er ei steinkvelvbru over Hoslemobekken, på den gamle riksvegen mellom Bykle og Hovden. Det blei bygd rideveg med breidde to meter frå Bykle kyrkje til Hoslemo som stod ferdig i 1895. Få år seinare søkte ein om utviding av ridevegen til køyreveg, altså veg for hest og kjerre.  Denne utvida vegen kunne takast i bruk i 1904. Truleg blei den gamle […]

Huldreheimen – Bykle

Huldreheimen, Bykle. Foto.

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Her kan du oppleve gamle setesdalshus, ei huldreaktig stemning og eit fantastisk utsyn! Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje […]

Lislestog – Bykle

Flatelandsstoga, Lislestog, Setesdalsmuseet. Foto.

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, […]

Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal

Bykle gamle kirke. Foto.

Bykle gamle kyrkje er  ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal. Kyrkja er i 2024 open 24. juni–11. august dagleg kl. 11-17. Gratis inngang. Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, truleg […]

Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Tysk bunkers fra 2. verdenskrig, Lisletjønn, Byle. Foto.

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. Men verken hovudstillinga ved Byklestigen eller stillinga her ved Lisletjønn var fast bemanna med tyske soldatar under […]