Gamlestog – Rygnestadtunet

Gamlestog innvendig. Foto.

Gamlestog er den eldste delen av stogehuset i det som i dag er Rygnestadtunet i Valle. Ho kan vere frå 1200-talet. Huset høyrde til gardsbruket Nordigard Rygnestad. Det var garden til Vonde-Åsmund Rygnestad (ca. 1540–ca. 1596). Han fekk sett opp stogehus og loft ca. 1590. Stoga som no er «nyestog» (til høgre for inngangsdøra), er omtrent på same […]

Slengen – Rygnestad

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap, i jordet ovanfor Rygnestadtunet, i Valle. Han er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Huset i Slengen var sterkt til nedfalls. Men det blei vedteke å sette huset i stand igjen, gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om […]

Rygnestadloftet

Rygnestadloftet. Stabbur. Foto.

Rygnestadloftet er eit særmerkt loft (stabbur) i Rygnestadtunet på Rygnestad i Valle. Loftet er bygd av Vonde-Åsmund Rygnestad (1540–1596) ca. 1590, på garden hans Nordigard Rygnestad. Det er verdsett for sine fine proporsjonar, svært gode handverk og materialbruk. Laftet har særleg store dimensjonar. Forsvarsbygg? Loftet blei ifølge tradisjonen brukt til forsvar. Der er ei lita luke som fører til ein underjordisk gang som endte […]

Husmannsplassen Hagen

Husmannsplassen Hagen. Bygninger. Foto.

Husmannsplassen Hagen ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland. Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen eingong rundt 1792–1794. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura. I nokre kjelder heiter […]

Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal

Rygnestadtunet, Valle. Foto.

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige Dølen Hotel, eller for den saks skuld kosar deg med sommarferie på hytta di, kan ein dagstur oppover i Setesdal til Valle og Rygnestadtunet vere ei stor oppleving. Ja, eg vil påstå at endå om […]

Bjoren – Eventyrbåten på Byglandsfjorden

Bjoren, Byglandsfjord. Foto.

D/B «Bjoren» er den vedfyrte dampbåten som trafikkerer strekningen Byglandsfjord-Bygland og Bygland-Ose søndager og noen onsdager i sommersesongen. Ved som drivstoff var  – og er – et naturlig valg siden det er rikelig, lokal tilgang på dette. Vedfyringen bidrar sterkt til å gjøre Bjoren til en unik kulturskatt og et flytende, teknisk museum. Båten er […]

Huldreheimen – Bykle

Huldreheimen, Bykle. Foto.

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Her kan du oppleve gamle setesdalshus, ei huldreaktig stemning og eit fantastisk utsyn! Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje […]

Lislestog – Bykle

Flatelandsstoga, Lislestog, Setesdalsmuseet. Foto.

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekketun som har vore vanleg i Setesdal, […]