Hylestad kyrkje

Hylestad kyrkje. Foto.

Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, bygt av Anders Thorson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal. Kyrkja har 200 sitteplassar og to galleri. I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalane, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja som stod i området Hovet/Bjørgum, […]

Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!

Kulturlandskap, Flateland, Valle. Foto.

Rygnestad og Flateland i Valle er frå 2021 med i det nasjonale registeret over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Frå før (2009) inngår området i satsinga «Utvalde kulturlandskap i jordbruket». Anten du er interessert i historie, kulturminne, kulturlandskap eller «bare» synest ei god, gammaldags blomstereng er det finaste som finst, vil eit besøk her vere […]

Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal

Rygnestadtunet, Valle. Foto.

Om du er på ferie i Evje-området, og har tilhald til dømes på ein av dei fine campingplassane i nedre Setesdal, eller kanskje på ærverdige Dølen Hotel, eller for den saks skuld kosar deg med sommarferie på hytta di, kan ein dagstur oppover i Setesdal til Valle og Rygnestadtunet vere ei stor oppleving. Ja, eg vil påstå at endå om […]

Røysland gravfelt i Valle

Røysland gravfelt, Valle. Foto.

Røysland gravfelt ligg på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle. Her kan du stille vandre mellom spor frå fortida! Feltet ligg langs Birkelandsvegen, rett sør for Åraksøyne. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje […]

Postvegen – Flåstrondi

Postvegen, Flåstrondi, Valle. Foto.

Postvegen kom forbi Flåstrondi rundt 1844. Flåstrondi er namnet på strekninga på austsida av Flåni, frå Flåren bru til Sandnes, i Valle. Postvegen var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Vegmiljø Strekninga var ei stor utfordring for dei som bygde vegen. Det var smalt mellom vatnet og fjellveggen. Desto høgare opp i lia ein måtte bygge vegen, desto meir utsett vart […]

Loftet på Nomeland Der oppe

Loft, stabbur, Nomeland i Hylestad. Foto.

Loftet er eit eldgamalt «lopt» på gardsbruket Der oppe (bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Det ligg rett ved Riksveg 9, på vestsida av vegen, og er lett å sjå når du er forbi der. Ut frå lafteteknikken som er brukt i underhøgda (findalslaft), kan ein med stor grad av sikkerheit seie at […]

Postvegen Uppstad–Flårenden

Gamlevegen Uppstad, Valle. Foto.

Frå avkøyrsla opp til Uppstad frå Riksveg 9 til tunet i Flårenden går det ein løyndomsfull veg, eit stykke av den gamle Postvegen, skjult i skogen på oversida av riksvegen. Det er ein kort spasertur, men vel verdt ein stopp på veg oppover eller nedover i Setesdal. Postvegen var køyrande med hest og kjerre til Valle kyrkje frå hausten 1844. […]