Langs Hånsbekkjen mellom Handeland og Nesland i Åseral stod to kverner. I dag er berre ruinane attende.
Handeland og Nesland er to gardar ved Handelandsvatnet i Åseral. Om du køyrer frå Kylland mot Flystveit kjem du forbi her.
Hånsbekkjen renn mellom dei to gardane og ut i Handelandsvatnet frå nord.
Handelandkverna
Litt oppover i bekken, på austsida, ligg spora etter Handelandkverna. Ho høyrde til gardsbruket «Framme» i følge SEFRAK-registeret. Eg reknar med at det er det same som bruket Der Framme som er omtalt i Åseral gard og ætt. Ho skal ha kome ut av bruk før århundreskiftet.
Stykket held fram under biletet

Neslandkverna
Litt lenger nede langs bekken, på andre sida (Neslandsida) kan me sjå murane etter kverna til Nesland. Etter merknadane i SEFRAK-registreringa var dette ei kvern som var felles for fleire av gardsbruka på Nesland. Ho skal ha vore i drift til litt over århundreskiftet.
Kjelder
- Fredabygg og Anlegg samt SEFRAK registrerte hus på Agder – Agder fylkeskommune
(zoom inn på Handeland/Nesland)
Les også
