Av Geir Daasvatn

© 2022-2026

Av Geir Daasvatn

© 2022-2026

Landeeika gjennom nok eit år!

Om bare to dagar kan Landeeika feire endå eit årsskifte. Nøyaktig kor mange det har vore, veit vel ingen. Men kanskje 600, 800 eller 1000?! Eg kom forbi Grendi i dag. Eg blei litt uroa, for Landeeika såg endå litt skakkare ut enn sist eg såg henne. Truleg var det bare synet – eller husken […]

Buret på Kyrkjevodden

Kyrkjevoddenburet er eit mellomalderbur på Kyrkjevodden under Åknes ved nordre enden av Lognavatn i Åseral. Buret er tidfesta til 1600-talet, 1. kvartal (1620). Grunneigar er Trond Egil Åknes. Bygningskulturen i Åseral skil seg frå den ein finn i andre kommunar i Vest-Agder, heiter det i Kulturminneplanen. Det er særs mange bur som framleis eksisterer. Skraddarburet i Austegard er det mest sagnomsuste, […]

Gjetarhytta på Bjåen

Gjetarhytta på Bjåen var i bruk i samband med tamreindrifta i Bykle. Tamreindrifta tok slutt i 1978. Her budde dei siste reinsdyrgjetarane. Hytta er i sinklaft. Ho står enno ved nordre enden av Breidvatn, på veg inn mot busetnaden på Bjåen. Ho blei først sett opp i Breive, austafor gardsbruket Flaten. Tidleg på 1950-talet blei ho flytt til Bjåen. Ei […]

Gravrøysa på Kyrkjedekkan

På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen. Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit […]

Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne

Reiårsfossen gamle bru er ei steinkvelvbru over Reiårsåna på Ose i Bygland, rett nedanfor den meir berømte Reiårsfossen. Stykket er tidlegare publisert på OpplevEvje.no. Veldig mange kastar nok eit blikk opp mot fossen når dei fer forbi på Riksveg 9. Truleg enser langt færre den fine steinkvelvbrua på andre sida av vegen. Byggeåret er noko uvisst. På Kulturminnesok.no er det sagt […]

Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Einerkilen urangruve i Evje

Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller. […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.