Gardsmuseet i Lidi

Frå gardsmuseet i Lidi. Innandørs. Foto.

Sigmund Lidi har overteke det tidlegare bedehuset i Lidi. Her har han laga istand eit lite, men veldig spennande privat gardsmuseum. Det er alltid opent! Sigmund har synt meg rundt i museet. For ein lokalhistorisk kulturskatt – ja eit klenodium – han har skapt! Eg blei reint overrumpla av alt han hadde fått plass til […]

Futevegen Oddestemmen – Tveit

Futevegen i skogen mellom Oddestemmen og Tveit. Oddepna til høgre. Foto.

Frå Oddestemmen ved Gautestadvegen rett aust for Evje kyrkje kan me følge den gamle Futevegen eit langt stykke gjennom skogen opp til Tveit. Futevegen gjennom Evje gjekk frå Evje kyrkje til Flatebygd, over Kongvaheia til Undeland, Mykjåland, Kleveland, Lislevand og vidare gjennom Hovlandsdalen til Vegusdal. Frå Vegusdal heldt vegen fram mot Herefoss og Arendal. Her gjekk «hovudtrafikkåra» frå […]

Turtips: Bygdeborgene i Evje og Hornnes

Utsikten utover landskapet fra Kallshovet. Foto.

Det har vore fem kjende bygdeborger i Evje og Hornnes. Ved sida å vere spennande kulturminne er dei fine turmål. Det går mot vår, og snart smeltar snøen vekk. Du er kanskje ein av oss som då finn glede i å kome ut på tur på beina i skog og mark. Dei fem bygdeborgene i […]

Steinsfjell – Evje

Trollbakken hoppanlegg med Steinsfjell bak. Foto.

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. Det er eit «kortreist», men flott turmål! I vesthallet av fjellet, mot sentrum, ligg Trollbakken hoppanlegg. Mot sør ligg den store skytebanen som var hovudarena under Landsskytterstemna på Evje i 1999, 2009 og igjen i august 2019. På toppen av fjellet har Forsvaret ei varslingsmast for skyteøvingar i Evjemoen skyte- […]

Futevegen – Vegusdal

Futevegen med bru i skumringa. Foto.

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen. Start frå Vegusdal […]

Longerak kraftstasjon: Kathe Merete Kjetså med kunstverk om kunstverket!

Longerak kraftstasjon. Utsnitt av framsida på heftet. Foto.

Kathe Merete Kjetså legg i desse dagar siste hand på heftet sitt om Longerak kraftstasjon i Bygland. Longerak kraftstasjon blei bygd i 1915, og ligg som ei lita middelalderborg inne i skogen på oppsida av Riksveg 9 på Longerak i Bygland. Mange har nok aldri sett dette «eventyrslottet». Men stasjonen er framleis i drift, og […]

«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl med grunnmurane etter våningshuset. Foto.

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Staden ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere litt over det […]

Skorpetveit – skogen kan skjule så mangt!

Skorpetveit i skogen nord i Valle. Foto.

Det er Skorpetveit rett ved Riksveg 9 nord i Valle me ser på biletet her frå november 2018. Eg stansa her fordi eg ville ta eit bilete av den gamle setesdalsvegen, bygd ca. 1873. Du ser han framme i biletet. Eg laga eit lite stykke om den gamlevegen for nokre dagar sidan. For eit par […]

Kallshovet – Hornnes

Utsikten utover landskapet fra Kallshovet. Foto.

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det er bare ein kort tur å gå, men toppen er eit veldig fint utsiktspunkt. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for […]

Husmannsplassen Hagen – i bilete

Stogehuset og stolpehuset i Hagen i vinterdrakt. Foto.

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]

Ballen rullar for husmannsplassen Hagen!

Husmannsstoga i Hagen. Foto.

I dag var eg så heldig å få vere med på eit møte i Bygland, der tilstanden til og framtida for den unike husmannsplassen Hagen på Lauvdal var oppe til diskusjon. Møtet var komen i stand etter initiativ frå fleire, og ikkje minst ein bra artikkel om husmannsplassen i Setesdølen for nokre veker sidan. Dei […]

«Bygland parkvesen» ferdig med første jobben i Hagen!

Olav Grendstad og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin etter fullført jobb 14. juli 2023. Foto.

Arbeidsgjengen med det litt uformelle namnet «Bygland parkvesen» har nå fått rydda unna det mest påtrengande av buskar, kratt, store greiner og små tre m.v. rundt bygningane på husmannsplassen Hagen på Lauvdal. Dei tre er Olav Grendstad (arbeidsleiar) og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin frå Ukraina. Dei er engasjerte på deltid i Bygland kommune i sommar. […]

Åknes kapell 150 år

Åknes kapell sett utanfrå. Foto.

Det vesle Åknes kapell ved Lognavatn i Åseral blei bygd i 1873. Det er stor feiring av 150-årsjubileet laurdag 19. og søndag 20. august. «Det var eit sterkt ynskje frå logndølane om å få sitt eige gudshus for over 150 år sidan», skriv Olav Åsland i eit stykke om jubileet i Kyrkjebladet for Åseral, Evje […]

Setesdalssida veks!

Setesdalssida.no er under oppbygging. I dag nådde me ein liten milepæl. Kulturminne nr. 100 blei lagt inn og kort presentert. Husmannsplassen Slengen i Valle vart nr. 100. Kulturminna ligg samla under stikkordet «Kulturminne» i hovedmenyen på framsida. Om du klikkar på det, kjem ein oversikt over alle kulturminna opp. Dei einskilde kulturminna finn du på […]

Bjørgedalen – Hylestad

Skjellestøyl. Foto.

Det går mot sommar. I heile Setesdal er det utruleg mange fine stader å sjå og besøke. Både langs Riksveg 9 og i heiane på begge sider. Bjørgedalen i Hylestad er eit paradis for ein tur! På Bjørgum, som ligg tvers over Otra for Rysstad, kan du køyre (bomveg, mot betaling) eller sykle austover i […]

Tårnet – Longerak

Tårnet, ei lita hytte på Longerak. Foto.

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde […]