Sterk laginnsats og eitt poeng til damelaget

Otra sitt damelag i 5. divisjon kapra det første poenget sitt for sesongen då jentene spelte 1-1 med Lillesand på EHbanen på Evje onsdag kveld. Jentene imponerte med sterk laginnsats og til tider godt spel. Kampen var ganske jamnspelt i første omgang. I andre omgang dominerte Otra etter kvart stort. Men Lillesand-jentene var sterke i […]
Otra-tap på heimebane trass god innsats

I ein ganske jamnspelt kamp vann Våg 3 5-2 over Otra på EHbanen på Evje måndag kveld. Bortelaget Våg frå Kristiansand «sjokkopna» og skorte alt etter tre minutt av kampen. Men Otra-gutane blei ikkje sjokkskadde. Heimelaget hang godt med i resten av første omgang. Andreas Bjørndal Gjelsvik var nærast utlikning, med eit hardt skot i […]
Otra G-14 nest-best på Sørlandet!

Med ein kanonkamp og siger 21–13 på bortebane mot Lillesand laurdag sikra Otra-gutane 2. plassen i serien. Dei er det nest-beste handballaget i G-14-klassen på Sørlandet denne sesongen. Lillesand var ein tøff motstandar. Men denne kampen hadde gutane frå Evje & Hornnes psyka seg noko veldig opp til på førehand. Dei ville verkeleg vinne! Etter […]
Odd Harald Robstad: Heidra av Kongen, ordføraren og idrottslaget

Han vart aldri innskriven som elev på Hornnes Gymnas, men han tok på mange måtar ein grusom hevn då han i toleg vaksen alder kom attende som lærar ved den same skulen. Tekst/foto: Øystein Moi Han vart verande på sin post i 34 år – som kroppsøvingslærar. Ei teneste som sette djupe spor etterseg både […]
Otra Tur og Løypeservice med 20-årsjubileum!

Otra Tur og Løypeservice driv det svære løypenettet på Høgås i Evje på vegne av Otra IL. Dei involverte feira 20-årsjubileet med mimrekveld og blautkake på Otrahuset tysdag kveld. Det var ikkje tilfeldig at 12. november var vald til feiringa. Det var nøyaktig 20 år etter skipingsdatoen 12. november 2004. Til stades var nåverande styremedlemer […]
Tre nye æresprisar i Otra IL

Marita Bransdal Hodne, Svein Birkeland og Thomas Christian Malm blei alle tildelt Otra IL sin Ærespris under årsmøtet på Otrahuset på Evje tysdag kveld 19. mars. Otra IL sin Ærespris er den høgaste utmerkinga i idrettslaget etter Æresmedlemskap. Prisen kan bli tildelt for både aktiv innsats og administrativt arbeid. Med dei tre siste æresprisane har […]
Evje og Hornnes Sparebank og Otra IL forlengar samarbeidet

Evje og Hornnes Sparebank har forlenga hovudsponsoravtalen sin med Otra IL for tre nye år. Det over 40 år lange samarbeidet held fram. For Evje og Hornnes Sparebank har no vore Otra IL sin hovudsponsor siden 1983! Otra IL har 1.600 medlemer, og ei enorm breidde i tilbodet. Me er veldig glade for å bidra […]