Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Av Geir Daasvatn

© 2022-2025

Garness – Ein fantastisk triveleg kveld i kulturstova på Syrtveit!

Arrangøren Inger Lise Stulien Robstad saman med systrene Garnes på Syrtveit Gard 19. mars 2025. Foto

Tvillingsystrene Ingelin & Hildegunn i Garness er ute med sitt nye album «Restart», og hadde vald Syrtveit Gard som ein viktig stoppestad på sjølvaste release-turnéen. Duoen frå Bergen spelar melodiøs indie/folk/pop på dialekt, og har m.a. samarbeida med Marit Larsen, Sigvart Dagsland og Odd Nordstoga. Vertskapet på Syrtveit, Inger Lise Stulien Robstad – og kjærasten […]

Oljemeklaren som slo seg ned på Hannåsvollen

Kjersti Våge på Hannåsvollen Gård. Foto

I meir enn sju år reiste Kjersti Våge i teneste som godt løna oljemeklar på den internasjonale marknaden. Kontoradresse i hovudstaden – ein hektisk og stressande kvardag som ho så avgjort ikkje lengtar attende til. Tekst/foto: Øystein Moi – Det einaste eg produserte var pengar. Ei kald og upersonleg bransje. Brått ein føremiddag kom det […]

Odd Harald Robstad: Heidra av Kongen, ordføraren og idrottslaget

Odd Harald Robstad i startblokka på Hornnes stadion. Foto

Han vart aldri innskriven som elev på Hornnes Gymnas, men han tok på mange måtar ein grusom hevn då han i toleg vaksen alder kom attende som lærar ved den same skulen. Tekst/foto: Øystein Moi Han vart verande på sin post i 34 år – som kroppsøvingslærar. Ei teneste som sette djupe spor etterseg både […]

Fransk konfekt og ekte kjærleik

Olav Lidtveit. Portrettfoto.

Eigentleg skulle Olav Lidtveit kunne sjå attende på ei lang og trugen teneste som offiser i Hæren. I Forsvaret. Det norske. Tekst/foto: Øystein Moi Lagnaden ville det annleis. Kjærleiken til heimbygda, og drøymen om det gode og frie livet på landsbygda vart avgjerande. Feltuniforma vart send til kjeldesortering. Kaptein Lidtveit dimmiterte i det stille. Utan […]

Else Haugland – Tøffaste jenta i dalen

Else Haugland. Portrettfoto.

Ho er mykje truleg den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he vandra i fotefara åt sjølvaste Fridtjof Nansen. Tekst/foto: Øystein Moi Ho er garantert den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he kryssa Grønlandsisen på ski. Else Haugland tek i mot bladfyken heime i kjøkkenkroken ein myrk og vindfull vinterkveld, få dagar […]

Han betaler ikkje for kaffen i Beograd

Olav Risdal bak rattet på turbussen. Foto.

Velfødd, smilande og blid møter Olav meg på hovudkvarteret hjå det vesle rutebilselskapet Risdal Touring. På Evjemoen. Tekst/foto: Øystein Moi Eit langt liv som vognførar he sjølvsagt sett sine tydelege spor i den røslege lekamen. Olav he nok bak seg sin siste sumar med eigen pannelugg – og forskalinga he heilt naturleg sklidd ut eit […]

Per Emanuelsen: Med hovudsete i hønsehuset

Per Emanuelsen. Portrettfoto.

Han er fødd i Bertesbukta, oppvaksen i Dronningensgate – og i dag er han busett i Krigen. På Ytre Strai. Tekst/foto: Øystein Moi Utsjånaden minner mykje om eit av dei siste, attlevande tidsvitna tilhøyrande den opprørske 68-generasjonen. Kven skulle eigentleg tru at denne lekamen, og dette hovudet , tilhøyrande Per Emanuelsen er 66 år gamalt. […]

Livet er eit lotteri

Vegard Moi. Portrettfoto

Livet er eit lotteri, og diverre så var det ikkje min tur til å trekkje vinnarloddet denne gonga. Tekst og foto: Øystein Moi Vegard Moi kom til verda ein solrik ettermiddag i april 1983. Same året som Kåre Willoch skipa til regjering, den fyrste hjartetransplantasjonen vart utført i Noreg og same året som CD-platene kom […]

Frå landbygda i Italia – til bureising under Fennefoss- fjellet

Angelo og Gunhild, med barn, framfor stova i Granlia. Foto.

Angelo Tambini (1851–1916 ). Tekst og foto: Øystein Moi Eg ser attende på ein triveleg sumarkveld i stova på Granlia. Me er på mange måtar på historisk grunn. Utsikt til dei kolsvarte slagghaugane som framleis ligg som kvilande tidsvitne etter det gamle nikkelverket. Vår stuttreiste og mektige industrihistorie. Me er eit drygt spydkast unna tuftene […]

Det begynner å ligne et liv

Soloppgangen sett frå Kleveknutten på Hannås. Tåka ligg tjukt over Otra, men oppforbi fantastisk morgon. Foto.

«Det begynner å ligne et liv det her –Det begynner å ligne en bønn» Av Øystein Moi I det stille, tagale, morgonljoset – når sola varsamt kravlar seg øve horisonten, det erdå eg finn att meg sjølve i ein tilstand av undring.Varme frå leirbålet. Ferskbrygga kaffe på termosflaska – og ein smeltamjølkesjokolade i baklomma på […]

Øystein Moi si bok endeleg ute!

Øystein signerer bøker under boksleppet på Dølen Hotel 2. november 2024. Foto.

Laurdag var det bokslepp på Dølen Hotel på Evje. Øystein Moi er endeleg ute med den etterlengta «Moi møter mennesker». Det er ei portrettbok der lesaren får møte meir enn 100 ulike personar Øystein har truffe på reise rundt om på store delar av Agder. Dei fleste stykka er tidlegare publiserte i Fædrelandsvennen, der Øystein hadde […]

«Gå derfor ut og gjør alle folkeslag til mine disipler»

Vennskap. Statue. Foto.

Nå kan eg ikkje slå i bordet med at eg gjennom denne lange ogkronglute livsvegen har vore nokon trugen og ihuga lesar av Bibelen. Tekst: Øystein Moi Ikkje har eg trødd ned dørsvillene på korkje bedehus eller kyrkjebygg – men eg vil likevel halde fram med at barnetrua allstøtt har vore ei god rettesnor i […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.