Vekas bilete

Bygland

Bygland og Byglandsfjorden sett frå Kvålsnapen. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Bygland kyrkjebygd og Byglandsfjorden sett frå Kvålsnapen 26. mars 2020. T.h. ligg garden Nese. Foto: Geir Daasvatn

Bygland kommune ligg kring Byglandsfjorden og Åraksfjorden, i hjarta av Setesdal. Det er ti mil til Kristiansand, og 36 km til næraste handelssenter Evje. Nordover er det rundt 55 km til Valle kyrkjebygd.

Kommunen grensar i nord til Valle, i aust ligg Fyresdal og Åmli, i sør Froland og Evje og Hornnes, og i vest Åseral, Kvinesdal og Sirdal. Det har vore dei same grensene heile tida sidan det kommunale sjølvstyret blei innført i 1837, med eit lite unntak for garden Søndre Vassend som blei overført frå Evje kommune til Bygland i 1855.

Store heievidder

Bygland er den nest største kommunen i det tidlegare Aust-Agder i utstrekning, med eit areal på 1 330 km2. 9,18 km2 er jordbruksareal og 474,63 km2 skog. Skoggrensa går frå 650 til 700 moh. Om lag 80 % av kommunen sitt totale areal er fjell, myr, vatn, beite og uproduktiv skog. Størstedelen av kommunen ligg over 700 moh. Dei lågaste områda er ved Byglandsfjorden og Otra på rundt 200 moh. Det høgaste punktet er Reinshornheii på 1 162 m.

På heiene i aust omfattar kommunen kjeldene til Tovdalsvassdraget. På vestsida spring Mandalselva og Kvina ut frå vatn i Bygland.

Smilande grender

Det bur om lag 1 150 menneske i kommunen. Bygland kyrkjebygd ligg ved Riksveg 9 aust for  Byglandsfjorden, og er kommunen sitt administrasjonssenter.

Andre grender er Byglandsfjord, Grendi, Longerak, Lauvdal, Jordalsbø, Skomedal, Frøysnes, Ose, Moi, Tveit, Hegland, Langeid, Austad, Heistad, Sordal, Sandnes og Åraksbø.

– Bygland er ei fager bygd, skriv Reidar Bolling i kapittelet om Bygland i Norges Bebyggelse, heradsbindet for Aust-Agder, vestre del. Det er ei underleg blanding av hard villskap og mjuk ynde over landskapet. Fjellet er bratt med høge urer, men granskogen smøygjer seg kring stupa og skapar varme og tryggleik. For kvar halve mil opnar det seg ei smilande grend med velstelte gardar og ein krans av frukttre kring tuna.

Kjelder

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn