Vekas bilete

Kva grunna dei på? Framtida?

Bilde av fire jenter som står stille på stranda og skuer utover Byglandsfjorden. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Grunner dei på framtida si, tru? Anne Lise Urdahl, Birgitte Maaike Feddersen, Josefine Kiara Astrup og Solveig Johansen. Foto: Geir Daasvatn

Under den tankevekkande og vakre teaterframsyninga på museumsplassen på Bygland torsdag 8. august 2024, greip eg meg i undast: Kva grunna jentene eigentleg på?

Det var fire unge kvinner i «Bevegelsesteaterkompaniet» som framførte stykket Bevegelse og natur. Dei var Anne Lise Urdahl, Birgitte Maaike Feddersen, Josefine Kiara Astrup og Solveig Johansen. Eg har skrive litt om den heilt spesielle teatervandringa på Bygland denne kvelden i eit anna stykke.

Dei avslutta framføringa med å stå stille i vasskanten og skue utover fjorden. Eg har ikkje all verden av fantasi. Men eg greip meg i å tenke: Kva skulle dette «biletet» eigentleg symbolisere? Grunna dei på framtida si? På framtida til menneska på jorda?

Eg veit ikkje svaret. Men i ettertid har eg kome til å lese eit vakkert stev som står i Byglands soge (1970-utgåva, s 419). Stevet lyder slik:

Gjenta sette seg ne mæ stronde.
Ho studde hovue ne i honde
å sat å såg utå byla blå.
Det va visst si framtid ho gruna på.

Knut Austad fortel i boka at han eingong kvo dette stevet. Då kom spelemannen og diktaren Hallvard Rysstad bort til han og sa: «Ja, dette stevet vilde vera det beste mynster for eit vent måleri.»

Som sagt veit ikke eg kva dei unge jentene la i teaterramføringa si. Men om me nå tenker oss at dei stod der i vasskanten og grunna på framtida si, må eg seie meg einig med Hallvard Rysstad i at eit slikt motiv ville kunne bli til eit svært vakkert måleri!

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad