Vekas bilete

Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!

Tveitetunet 26. desember 2023. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Tveitetunet 26. desember 2023. Foto: Geir Daasvatn

Ein del av hovudbygningen i friluftsmuseet Tveitetunet i Valle har vore under restaurering sidan 2017. Sommaren 2023 blei den restaurerte delen setta opp igjen.  Målet er å kunne få til ei opning i 2025, seier Setesdal bygningsvern- senter.

Eg var og kikka meg rundt i Tveitetunet 2. juledag, 26. desember. Det var verkeleg stas å sjå den gamle lensmannsgarden på veg tilbake til slik han var. Dette var bustaden til bonde og lensmann Olav Knutsson Tveiten (1758–1837). Han møtte på riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 som utsending frå øvre Setesdal.

Du kan lese mykje meir om det praktfulle Tveitetunet her på Setesdalssida, på Setesdalswiki og hos Setesdalsmuseet. Det blir gøy å følge den siste delen av restaureringsjobben fram mot fullføring. Blir det ein stor opningsfest ein idyllisk sommarkveld i 2025, tru?

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn
Den gamle steinvegen i Flårenden