Heimåtsvingen 15. mars 2024. Postvegen gjekk rundt odden der bjørka står nå. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Heimåtsvingen

Nord for Andre Odde, på veg mot Neset Camping frå Byglandsfjord, ligg Heimåtsvingen. Der står det framleis att nokre svære murar etter Postvegen.

Postvegen, ja det var den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) oppover i Setesdal. Mellom Salbergmoen – dette var lenge før Byglandsfjord kom til – og Neset var det mange små bukter og oddar. Dette førte til at vegen oppover langs Nesstranda fekk mange svingar.

Heimåtsvingen var ein av desse. Her stengte fjellet for å legge vegen rett fram. Dynamitten var endå ikke i bruk, så vegbyggarane laga ikkje svære skjeringar som me gjer i dag. Vegen blei i staden bygd rundt fjellet, heilt ut mot fjorden slik han var rundt 1840 då vegen blei bygd. I dag kan me sjå nokre svære murar som står omtrent i vasskanten når fjorden er full. Ved låg vasstand er det fint å gå ned på nedsida av muren, og få eit godt innblikk i korleis vegbygginga gjekk føre seg på 1840-talet.

Stykket held fram under biletet

Murane etter den gamle kjerrevegen i Heimåtsvingen 28. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

I bruk til 1921

Den eminente lokalhistorikaren Reidar Tveito på Byglandsfjord har skrive ein del om kjerrevegen mellom Byglandsfjord og Neset i fleire av dei fine hefta sine. I Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord (s. 46) forklarar han at Vegvesenet fekk krav om utbetring av den gamle kjerrevegen då Landeskogen tuberkulosesanatorium kom i Grendi rundt 1916. Vegen her var ikkje god nok for biltrafikken som følgde med. Heimåtsvingen, og fleire andre svingar på strekninga, blei difor retta ut i den såkalla «sanatorieomlegginga» i 1921.

Dei gamle oppmuringane for Postvegen ut mot fjorden blei verande att som handfaste minne om den første ordentlege køyrevegen. Noko av muren er rast ut. Med tid og stunder vil vel også resten av det fine kulturminnet ramle ut i fjorden.

Kjelder

  • Reidar Tveito, Ridesti og gamle vegspor omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2017, s. 63
  • Reidar Tveito, Ferja, brua og ny-vegen i og omkring Byglandsfjord, eige forlag, 2018, s. 82–85
  • Leonhard Jansen m.fl., Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 102–104

Kart over området (sjå Fyrrekleiv på kartet)

Fleire stykke om Postvegen i Bygland

Fleire kulturminne

«Setesdalsvegen» forbi Troåsen i Hægeland
Postvegen – Båsbrokka i Bykle
Postvegen – Nesmoen
I fotspora til setesdølane – Kiledalskleiva i Hægeland
Hylestad kyrkje
Sandnes kyrkje – Åraksbø
I fotspora til setesdølane: Med Tjønna på Sandripheia
Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal
Storrvollhuset – Frøysnes
Buret på Kyrkjevodden
Slengen – Rygnestad
Gamlevegen ved Berdalsbru