I Gylii i Valle, rett før me kjem til Bjørnarå i Bykle på veg nordover på Riksveg 9, er det svære murar og andre spor etter den gamle setesdalsvegen. Me ser dei bare ikkje frå bilen.
I Leonhard Jansen m.fl. si eminente bok Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 er den gamle vegen i Gylii skildra (s. 161):
Gylii var eitt av dei verkeleg krunglute vegstykka mellom Valle og Bykle, og utbetringa der tidleg på 2000-talet gjorde turen til ei langt hyggelegare oppleving.
Reidar Tveito, som kjenner Riksveg 9 betre enn dei fleste, seier at den gamle vegen i Gylii var sett på som eit av dei verste strekka (Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, 2014, s. 190).
Etter den nemnde utbetringa går i grunnen bakken opp Gylii meir eller mindre rett fram. Iallfall i den nedste delen. Heilt nedst, etter at me har passert Bakken, ligg det att ein godt synleg sving av gamlevegen. Det er på venstre hand, ned mot Otra. Vidare oppover er nyare vegar lagt meir eller mindre oppå den gamle, og spora synest å ha blitt borte.
Stykket held fram under biletet
Men ikkje heilt borte!
Me set bilen ifrå oss på den gamle vegsløyfa nedst og spaserer oppover bakken, på utsida av fenderen. Då oppdagar me snart murane etter den gamle setesdalsvegen. Kanskje er det fleire generasjonar murar? Eg vil til dømes tru at dei støypte sementfenderane på toppen som me ser på biletet øvst i stykket er av nyare dato enn murane under. Om me tek oss bryet med å klatre ned på undersida av murane – ver i tilfelle forsiktig! – får me eit endå betre inntrykk av det svære arbeidet som er gjort.
Til 2002/2003
Det er ikke alltid så lett å tidfeste spora etter dei gamle vegane. Men me kan samanlikne med utbetringar rett sør og nord for Gylii. Den nemnde svingen heilt sør i Gylii blei bygd i 1930, er det opplysningar om på Kulturminnesok.no. Det same skjedde ved Bjørnarå i nord, altså ny veg i 1930. Då er det nok mykje truleg at vegen mellom desse to stadene også var ein del av arbeidet.
Det «kronglute» vegstykket i Gylii blei utbetra i 2002–2003. Med det var endeleg ein av dei verste flaskehalsane på Riksveg 9 borte.