Langs Kvinnåne på Straume i Hylestad står tre gamle kvernhus att til minne om kvernverksemda som var så viktig i det gamle landbruket.
Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var mykje vatn i elva.
Det blei male matmjøl og malt til ølbrygging. Til husdyra grøypte (grovmol) dei kornet. I kultursoga for Valle kan du lese mykje meir om kornet og vegen frå åkeren til kverna. I den nye boka til underteikna m.fl., Hovassåna – krafta i elva, er det eit stort kapittel om kvernhusa og mykje bakgrunnsstoff om denne prosessen.
Kvernhusa på Straume

Kvinnåne (Kvernåni på Norgeskart.no) kjem frå Mjåvatn, renn ned gjennom det veldige Straumsjuvet og ut i Otra ved Dakkin sør for busetnaden på Straume.
Så langt tilbake som det finst oppgåver over kvernene i Valle skulle det før det store rasåret 1793 vere fire slike hus på Straume. Tre av desse blei borte i storflaumen som også følgde uvéret. Ved neste offentlege liste, i 1799, var to av dei tre øydelagte kvernene bygde opp igjen. Det var dermed tre kverner på garden.
«I manns minne har det vore fem kvernhus på garden», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Han held fram:
Bnr. 1 og 2 hadde eitt i hop, bnr. 3 og Helle, bnr. 4 hadde eit anna, bnr. 4 og Helle, bnr. 9 det tredje og bnr. 8 og Helle, bnr. 12 det fjerde. Det femte var det visst folk på Helle som åtte [—].
Heddisane mol som me skjøner mjølet sitt på kvernene på Straume. Grunnen til det var at det var dårleg med høveleg vasskraft på Hedde.
Etter andre verdskrigen var det stort sett slutt med kornmalinga på kvernene langs Kvinnåne, slik som dei fleste andre stader i Hylestad og Valle.
Tre av kvernene står att langs Kvinnåne i dag. Kverna til bnr. 8 (Olav Straume) som me ser øvst i stykket her er fint restaurert.
Du vil kanskje også lese
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I, Gards- 0g ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, s. 74–75
- Leonhard Jansen, Valle kommune VIII – Kultursoge, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 107–119
