Krokan 13. oktober 2025. Foto: Geir Daasvatn

Krokan – ein husmannsplass i Åraksbø

Krokan på Lidtveit i Åraksbø var ein av dei betre husmannsplassane i Bygland på 1800-talet.

I 1843 gav bonden på Oppigard Lidtveit (bnr. 1) løyve til at Nils Gullikson Skomedal (f. ca. 1788, d. 1864) kunne rydde ein plass i utmarka på garden. Plassen var kalla «Krokan». Her fekk husmannen lov til å ha to kyr og noko småfe. Nokre heieslåtter var òg med i kontrakten. Leiga skulle gjerast opp med to vekers arbeid for bonden i slåtten.

Nils Gullikson var fødd på Åknes i Åseral. Han budde mange stader i Bygland før han rydda og slo seg til på Lidtveit. Kona heitte Tone Olavsdotter Ose (f. 1795, d. 1869).

«Nils og Tone fostra opp ein stor barneflokk», skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt. Opplysningane i det vesle stykket her er for det meste henta frå omtalen hans av Krokan.

Sonen Olav tok over

Våningshuset på Krokan 13. oktober 2025. Huset skal vere oppført då husmannsplassen blei rydda rundt 1843. Då er det truleg dei gamle husmurane me ser til høgre. Foto: Geir Daasvatn

Det yngste av barna, Olav Nilsson Krokan d.y (f. 1840, d. 1905) var heime og hjalp mor si Tone med å drive Krokan etter at faren Nils døydde i 1864. Han tok over plassen då Tone døydde i 1869.

Olav var gift med Svålaug Olavsdotter Austad (f. 1841, d. 1893). Dei fekk fem barn. Men det førstefødte, ei jente, døydde berre eitt år gamal. Ein eldre bror av Olav, Olav Nilsson Krokan d.e. (f. 1829) heldt også til på Krokan. Han livnærte seg som dagarbeidar.

Svålag døydde i 1893. Olav d.e. livnærte seg på den tida som husmann med jord og som snikkar og bøkkar. «Ein måtte vere allsidig for å greie seg som husmann, endå Krokan var ein av dei betre husmannsplassane i Bygland» (Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, s. 457).

I 1898 blei Krokan frådelt bnr. 1 og fekk bnr. 4. Olav blei sjølveigar. Historia til plassen vidare som småbruk og i dag fritidseigedom kan du lese mykje meir om i Bygland gard og ætt (bind IV, s. 454–461) og på Setesdalswiki (lenkene her).

Våningshuset på Krokan er bygd i 1843 i følge Norges Bebyggelse. Foto av huset i dag kan tyde på at den første stoga var mindre, og at huset seinare er bygd på. Løa som står på staden er frå tida etter at Krokan blei skyldsett som eigen eigedom.

Fleire kulturminne

Landeeika gjennom nok eit år!
Byglandsfjord dam – flotingsmur
I fotspora til setesdølane – Langelands mølle til Reiersdal
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen
Surtedalskleiva på Byvegen i Åseral
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Postvegen – Einang
Postvegen – Nesmoen
Postvegen – Nesetsvingen sør
Løylandsloftet – Grendi
Setesdalsbanen – Homevassevja
Postvegen – Evje og Hornnes

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.