Kvernhuset i Lislestog 11. oktober 2025. Foto: Geir Daasvatn
Lislestog

Bykle

Kvernhuset i Lislestog

I friluftsmuseet Lislestog i Bykle kyrkjebygd står eit gamalt kvernhus.

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.

Kvernhusa i Holen

Kvernhuset er frå Holen ved Bossvatn i Nordbygdi i Bykle. Det går fram av registreringskortet i SEFRAK-registeret at flyttinga til Lislestog skjedde i 1969.

Nøyaktig kor kvernhusa i Holen stod veit eg ikkje. Olav G. Holen jr. skriv om eit gamalt kvernhus i Skarjesåne (Ferdavegane i Bykleområdet, 1986, s. 73). Olav M. Holen taler om eit kvernhus som stod på Øyne mellom Lyngtveit og Holen (Nordbygdi – slik ho var, 2013, s. 383). Heimen til Olav var gardsbruket Der oppe. Olav skriv i den nemnde boka om Nordbygdi (s. 422) at kvernhuset og badstoga der blei seld til ein «Oslokakse» for småpengar. I Heimar og folk i Bykle (bind III, s. 286) skriv Aanund Olsnes at Gunnar O. Byklum hadde sag og kvernhus i Skarjesåne.

Bekken mellom Lisletjønn og Floslivatnet er (på kartet) kalla Kvernebekken. Då har det nok truleg stått ei eller fleire kverner der ein gong i tida. Det kan bli ei sak for seg om eg kan finne nokre opplysningar om det einkvan stad.

Les også: Friluftsmuseet Lislestog

Kvernsteinen som står ved trappa til Holskverna i Lislestog. Skòret (sporet) på kvar side av kvernauget fortel at det er ein overstein. I dette sporet stod seglet. Seglet stod fast i toppen av kvernkallen. Når kvernkallen sveiv, sveiv også oversteinen. Foto: Geir Daasvatn

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kvernspor på Moi
Kvernspor på Langeid
Kvernebekken Gryte i Valle
Nistog-kverna på Rygnestad
Kvernminne – litteratur og kjelder
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernene på Sordal
To fine kvernhus i Kåvåne
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral
Kvernspor på Birkeland
Kornet

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.