Rygnestad-gardane hadde kvernhusa sine i Rygnestadåne. Berre Nistog si kvern står att i dag.
Eit unnatak var kverna til Nordstog, som stod i bekken som renn ned sør for husa der. Det er like vest for Rygnestadtunet. Alfred Ryningen gjer nærare greie for kvernene på Rygnestad i gards- og ættesoga for Valle (bind VI, utgjeve av Valle kommune, 1987, s. 283).
Nistog-kverna skal vere bygd så seint som i 1921, jf. SEFRAK-registeret. Utforminga er som ei tradisjonell setesdalskvern, med grunnflate om lag 3,30 m x 2,80 m. Det er lagt eit bølgeblekktak på kvernhuset i nyare tid. Ved kulturminneregistreringa i 1977 hadde huset torvtak.
Ovanfor kvernhuset kan me framleis sjå restar av trestokkane i vassrenna som førte vatnet ned på kvernkallen.
Les også: Kornet – frå åkeren til kverna


Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!