Tufta etter kverna i Håtveitfossen 13. april 2026. Foto: Geir Daasvatn
Håtveit

Evje og Hornnes

Kverntufta under Håtveitfossen

Under den svære Håtveitfossen mellom Vikstøl og Håtveit aust i Evje var ei kvern i bruk heilt til 1950-talet. I dag er berre ruinen attende.

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.

Kverna ved Håtveitfossen

Det er høgt frå toppen av fossen ned til staden der kverna stod, på austsida av åna. Vassdraget blei regulert sist på 1950-talet. Men før den tid var det stor vassføring. Fallet og den store vassføringa gjorde at det var ei sikker kvern, heiter det i artikkelen om kverna på Kulturminnesok.no.

Det var garden Håtveit som hadde kverna si her. Til kverna kom det folk frå mange gardar for å male korn og den som eigde Håtveit hadde ei god ekstrainntekt på kverna. 

Kverna stod til 1950-åra, men var lite i bruk etter fyrste verdskrigen.

Det går ein ganske forseggjort stig/veg frå garden Håtveit opp til kverna ved fossen og vidare til nabogarden Vikstøl i nord.

Kjelder

  • Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, s. 96
  • Artikkelen om Håtveitfossen på Setesdalswiki
  • Artikkelen om kverna ved Håtveitfossen på Kulturminnesok.no

Les også

Kornet – frå åkeren til kverna

Håtveitfossen. Kvernhuset låg på austsida av fossen, til høgre på biletet her. Foto
Håtveitfossen. Kvernhuset låg på austsida av fossen, til høgre på biletet her. Foto: Geir Daasvatn (2019)

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Haukelikverna
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral
Kverntufta i Mjunåne på Skomedal
Kvernspor på Birkeland
Nistog-kverna på Rygnestad
Kverna i Kvinnåne på Rysstad
Kornet
Kvinnebekken på Dale
Nordenåkverna – Åraksbø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.