Husmurane på Knollen med spor av dyrka mark nedover i bakken 1. september 2026. Foto: Geir Daasvatn

Husmannsplassen Knollen i Åraksbø

Knollen er ein liten ås mellom Kåsi og Nordenå i Åraksbø. Her blei det rydda ein liten plass kring 1846.

Knut Asbjørnson Lidtveit (f. 1821) var rydningsmannen. Han var gift med enka Jorunn Taraldsdotter (f. 1814).

Knollen er skogkledd no. Men går me det korte stykket opp til toppen av åsen kan me framleis sjå murane til ei lita stove der. Nedanfor murane, i hallinga ned mot fjorden, er det tydelege merke etter dyrking.

Bygdebokskrivaren Reidar Vollen fortel at det er tvilsamt om Knut kom lenger enn til å sette opp murane (Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, s. 329). Iallfall kom han og Jorunn truleg aldri til å bu på Knollen. Alt i 1848 heldt dei til i Stoplestog (bind IV, s. 348).

Knut fekk utreiseattest til Amerika i 1853. Men reisa blei ikkje noko av. I staden kom han og Jorunn til Ytstejordet under Horverak i Årdal sokn heilt sør i Bygland. I 1865 er dei registrerte som husmannsfolk der.

Dei siste banda av Bygland gard og ætt er under utarbeiding. Me kan glede oss til å lese meir om Knut og Jorunn i bandet som omhandlar Horverak og Ytstejordet.

Husmurar på Knollen. Bak ser me "hola" som truleg skulle vere kjellaren. Foto.
Husmurar på Knollen. Bak ser me «hola» som truleg skulle vere kjellaren. Foto: Geir Daasvatn (2026)

Fleire kulturminne

Postvegen – Valle
Rygnestad og Flateland kulturlandskap – av nasjonal interesse!
Postvegen – Evje og Hornnes
I fotspora til setesdølane – Eljannskleivan på Hægeland
Fånefjell vegmiljø
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Bispestolane – spennande kulturminne og fint turmål
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand
Postvegen – Flateland bru
I fotspora til setesdølane – Hallbakken på Mosby
Postvegen – Brennevinskleiva
I fotspora til setesdølane – Nye Dalanevegen

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.