Tufta etter Der oppe-kverna på Landsverk (2026). Foto: Geir Daasvatn
Landsverk

Evje og Hornnes

Kverntufta på Landsverk i Evje

Langs bekken på Landsverk søndre i Evje står berre hornsteinane att etter kverna som ein gong var her.

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.

Kverna på Landsverk

Ved SEFRAK-registreringa i 1993 stod kvernhuset til gardsbruket Der oppe på Landsverk framleis på denne staden. Det er dokumentert med bilete. Golvet var då nesten borte. I 1973 fekk kverna bølgeblikk på taket. Kva tid kverna blei bygd er usikkert. Men ein gong rundt år 1800 er sannsynleg, sjå neste avsnitt.

Ein gong etter 1993 er kvernhuset teke ned. På Kulturminnesok.no heiter det at «Kvernhus, demontert og lagret innomhus (skal restaureres). Eldste årstall på dette 1804. Stem ovenfor kvernhuset. Kun pilarer igjen».

Kanskje får me vite meir når den etterlengta gards- og ættesoga for Evje kjem i handelen om ikkje alt for lenge? I dag står uansett berre dei høge pilarane attende i tufta.

Stykket held fram under biletet

Tufta 26. november 2015. Nede i venstre hjørne ser me ein kvernstein. Foto: Geir Daasvatn

Ovanfor tufta er det tydelege spor ettert ein kanal som førte vatnet ned mot kverna.

Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Vasskanalen, noko attgrodd. (2026). Foto: Geir Daasvatn

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume
Kvinnebekken på Dale
Kverna i Kvinnåne på Rysstad
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kverntufta på Stigemo
Kvernminne – litteratur og kjelder
Kornet
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
To fine kvernhus i Kåvåne

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.