Valle kyrkje 18. desember 2019. Foto: Geir Daasvatn

Valle kyrkje

Valle kyrkje er ei korskyrkje i lafta tømmer frå 1844.

Kyrkja har om lag 400 plassar, og kyrkjegarden ligg rundt kyrkja. Ho ligg på Vaddarhaugen, like ved den gamle riksvegen gjennom bygda.

Anders «Kyrkjebyggar»

Kyrkja er bygt av «Kyrkjebyggaren» Anders Torson Syrtveit. Valle-bøndene ytte mykje for å få reist kyrkja. Dei gav tømmer, og gjorde også eit stort dugnadsarbeid. Kyrkjebygda i Valle var mest skoglaus på denne tida, så det meste av tømmeret kom frå Rygnestadheia. Tømmer til bord vart hogge og saga i Finndalen lagt inne i heia. Noko kom også frå Bjørgedalen i Hylestad. Mange bygdefolk var med og bygde kyrkja og laga inventaret.

Kjelder

Sjå også

Fleire kulturminne

Postvegen – Lunden
Homme skulehus – Valle
Postvegen – Einang
Auglandskleiva bru – Torridal
Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle
Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen
Byklarloftet – Fennefoss
Gjetarhytta på Bjåen
Hornnes jernbanebru
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal
Smia på Koland
Skore i Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.