Beintsbekken jernbanebru over Oddeåna på Evje 1. mars 2019. Foto: Geir Daasvatn

Beintsbekken jernbanebru – Evje

Beintsbekken jernbanebru gjekk over Oddeåna rett nord for Evje sentrum. I dag går Riksveg 9 over ein utvida versjon av brua.

Denne vesle, men vakre steinkvelvbrua blei bygd for Setesdalsbanen, som opna til Byglandsfjord i 1896. I 1966 blei «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av banen i 1962 bygd langs den tidlegare jernbanetraseen forbi Evje sentrum. Då blei brua utvida med betong på austsida, for å få normal vegbreidde. I dag er det altså bilane som suser forbi på veg oppover eller sørover langs Riksveg 9.

Korleis finn du brua

Frå parkeringsplassen utforbi Ragnar Aas si røyrleggarforretning kan du følge den nye gang- og sykkelvegen sørover nokre få meter. Frå brua på gang- og sykkelvegen ser du den gamle brua veldig greit. Du kan også følge gang- og sykkelvegen frå parkeringsplassen utforbi Evje barneskule under Riksveg 9 til brua.

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Årdal gamle brygge
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Postvegen – Bakken
Dampbåtbrygga på Hesteberget – Frøyrak/Dale
Husmannsplassen Hagen
Riksveg 400 – Syrtveit sør
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Postvegen – Vrongevje
Dalevegen – Kveste til Tveiten
Postvegen – Dåsneset ved Einang
Trydalstoga – Kristiansand museum
Gravfeltet på Moi – Bygland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.