Svær steinfylling på den gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra 22. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen

Rett sør for Ærekilen på Vestre Hodne, heilt sør i Hornnes, gjekk den gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra og rundt ein kolle før han kom fram til kilen.

Det var tyskerane som bygde ny setesdalsveg her i 1940. Fram til då hadde vegen – det me gjerne kallar Postvegen – svinga vestover ved Pederstjønn. Han gjekk rundt Ærekilen på vestsida og fram til inste (vestre) delen av Hodnekilen.

Vegen over Kvernhusmyra fram til Ærekilen – og over – blei altså bygd i 1940. Han var i bruk til rundt 1963. Det offisielle namnet på setesdalsvegen i desse åra var Riksveg 400. Kring 1963 kom «kompensasjonsvegen» etter nedlegginga av Setesdalsbanen forbi her. «Nyvegen» gjekk gjennom ei fjellskjering og rett fram over Ærekilen, og gjorde bøygen vestover rundt kollen overflødig.

Det har just vore ei skogsdrift i området. Den litt attgrodde gamle vegtraseen er komen betre fram i lyset igjen. Om du stoppar på den store rasteplassen på austsida av Riksveg 9, ved den tidlegare fylkesgrensa sør for Ærekilen, finn du gamlevegen rett over på andre sida av riksvegen. Derfrå kan du følge vegen i fleire hundre meter rundt kollen. Du kjem fram til der han forsvinn under dagens veg rett før Ærekilen. Ein fin liten spasertur i gamle vegspor!

Gamle setesdalsvegen over Kvernhusmyra sør for Ærekilen til venstre, med Riksveg 9 til høgre, 22. september 2024. Foto: Geir Daasvatn

Etter Ærekilen

Etter at 1940-vegen hadde runda kollen ved Kvernhusmyra, som er det stykket eg skriv om her, gjekk han på ei steinfylling over Ærekilen. Den gamle «tyskarvegen» over Ærekilen ligg i dag for ein stor del under Riksveg 9. Dagens veg har ei noko høgare og større fylling og ei lita bru her. Nord for Ærekilen, ved Snåremoen, tok gamlevegen igjen mot vest. Han gjekk innover mot Hodne sag og fram til inst i Hodnekilen. Derfrå følgde han same låma som den gamle Postvegen fram til Slettefet. Den strekninga er så spennande i seg sjølv, at eg vil lage ein eigen presentasjon. Her ligg mellom anna «Tyskarminnevegen» – ei strekning som aldri blei ferdig.

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen – Hestekleiva, Skomemoen
I fotspora til setesdølane – Lintjønnkleiva i Øvrebø
Reiårsfossen gamle bru – eit vakkert vegminne
Bykle gamle bru
Gamle setesdalsvegen mellom Fossåna og Tromyr i Hægeland
Gravrøysa på Kyrkjedekkan
Kanonstillinga på Bjones i Bykle
Hannås jernbanebru – Hornnes
Postvegen – Sveigefoss
Einerkilen urangruve i Evje
Løylandsloftet – Grendi
Riksveg 400 – Syrtveit sør