Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!

Hovden jernvinnemuseum innvendig oversiktsbilde 20. juni 2024. Foto.

I Hovden jernvinnemuseum får du på ein svært livaktig måte oppleve korleis vikingane laga jern. Museet er ei avdeling/utstilling under Setesdalsmuseet. Det ligg i det idylliske Hegni friluftsområde ved Hartevatn, rett sør for Hovden sentrum. Fjellgardane øvst i Setesdal har vore gjennom omfattande utbyggingar i dei fire tiåra etter at Hovden etablerte seg som eit gigantisk vintersportsområde sist […]

Jarebu – Bykle

Jarebu med fjellheimen i Bykle i bakgrunnen. Foto.

Jarebu er dagsturhytta i Bykle. Ho ligg på Jarekollen med eit fantastisk utsyn utover fjellheimen i Bykle. Hytta blei offisielt opna 17. juni 2023. Bykle kommune er eigar. Bykle IL har inngått drifts-/tilsynsavtale med kommunen. Bygget er teikna av Feste Landskap/Arkitektur og bygd av HL Bygg. Bygget er varma opp innvendig, og har eit lite bibliotek. Når me plussar på med […]

Bykle Hotell

Bjørn Erling Auestad framfor Bykle Hotell. Foto.

Hotellet ligg sentralt plassert, rett ved Riksveg 9, i Bykle kyrkjebygd. Det er kort avstand, bare 26 km, til Hovden med badeland, alpinsenter, kafear, shopping, jernvinnemuseum og andre spennande aktivitetar. Bykle Hotell har 100 sengeplasser fordelt på 17 rom, to suitar og seks leilegheiter. Alle einingar har flatskjerm, WiFi og fint bad. Det er gode fasilitetar for […]

Storetjønn – Nordbygdi

Storetjønn badeplass. Foto.

Storetjønn er ein idyllisk badeplass langs vegen innover mot Botsvatn og Norbygdi i Bykle. Badeplassen ligg like ved innfallsporten til Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane landskapsvernområde. Det er ei informasjonstavle om verneområdet her. Rett i nærleiken

Hegni friluftsområde

Hegni riluftsområde. Foto.

Hegni friluftsområde ligg ved nordre enden av Hartevatn, om lag ein km sør for Hovden sentrum. Området har eit variert tilbod av turstiar samt leikeapparat, trampoline og sandvolleyballbane. Der er og kiosk. Frå Hegni kan du dra på fisketur, anten du vil fiske frå land eller leige ein robåt. Det er også utgangspunkt for vandre- […]

Lislestog – Bykle

Flatelandsstoga i friluftsmuseet Lislestog i Bykle kyrkjebygd. Foto.

Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd, rett attmed Riksveg 9. I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar samla av kunstmålaren Morten Henriksen. Han var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp […]

Byklestigen

Byklestigen, eldre del. Foto.

Byklestigen var eit særs vanskeleg og farleg parti på den gamle vegen mellom Valle og Bykle. I dag går Riksveg 9 i tunnel på denne staden. Byklestigen var ei bratt kleiv med rekkverk på begge sider. Vegen var så bratt at ein ikkje kunne ri og heller ikkje ha kløv på hesten utan at det […]

Bossvassdammen

Bossvassdammen, Bykle. Foto.

Bossvassdammen demmer opp Botsvatn (Bossvatn) i Nordbygdi i Bykle til magasin for Brokke kraftverk. Botsvatn er ein om lag 14 km lang innsjø. Den inste (vestlege) delen av vatnet vert kalla Botnen. Gardane der er Bratteli, Bratteland og Dysje. Namnet på vatnet skal referere seg til dette. 31 km tunnel til Brokke Vatnet er regulert […]

Vatnedalsdammen

Vatnedalsdammen, Bykle. Foto.

Vatnedalsdammen er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatnedalsvatnet i Bykle. Han er 120 meter høg, og ein av dei høgaste dammane i Europa. Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Anlegget (hovuddam og sekundærdam) vart opna 4. oktober 1983 av dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen.Vatnedalsvatnet har ein […]

Huldreheimen – Bykle

Huldreheimen, Bykle. Foto.

Huldreheimen er eit bygdetun og friluftsmuseum i Kyrkjebygda i Bykle. Det er ei avdeling under Setesdalsmuseet. Her kan du oppleve gamle setesdalshus, ei huldreaktig stemning og eit fantastisk utsyn! Huldreheimen ligg slik til at det er ein flott tur å gå opp, vandre mellom dei gamle bygningane og ha eit storlått utsyn over heile kyrkjebygda i Bykle. Anlegget er ikkje […]

Dam Sarvsfoss – Bykle

Dam Sarvsfoss over Otra, Bykle kyrkjebygd. Foto.

Dam Sarvsfoss er ein 50 meter høg, spektakulær betongdam ved Sarvsfossen i Otra i Bykle kyrkjebygd. Det er imponerande ingeniørkunst, godt passa på av eit svært troll! Dammen er 142 meter brei og hevar vasstanden i elva med 40 meter. På toppen av dammen er det bru med bilveg til Stavenes. Dammen er den mest synlege delen av Brokke Nord, som vart […]