Juvassdammen 29. juni 2016. Foto: Geir Daasvatn

Juvassdammen – Åseral

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Han stod ferdig i 1958.

Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen.

Dei to dammane demmer opp Juvatn til magasin for Logna kraftverk ved Lognavatn. Magasinet kan romme heile 142 millionar kubikkmeter vatn.

Du kan gå trygt over toppen av dammen. Herfrå har du ein veldig fin utsikt.

Frå austsida av dammen går det ein umerka stig langs Juvatn nordover til Juvasstøl.

Korleis kjem du til Juvassdammen

Dammen er ein turistattraksjon i Åseral. Du kan kome dit ved å følge Fv-351 mot Bortelid til Åknes, deretter Austegardvegen mot Austegard og Espelid, og til slutt Juvassvegen inn til dammen.

Kart

Kjelder

Du vil kanskje også sjå

Platedammen ved Juvatn. Foto: Geir Daasvatn

Fleire attraksjonar

Reiårsfossen
Evje Mineralsti
Hornnes jernbanebru
Bossvassdammen
Galleri Systog Dale
Odden Hage – vakkert hageanlegg på Evje
Flåt nikkelgruve
Furuly friluftspark – Evje
Storetjønn – Nordbygdi
Sølvgarden – Rysstad
Rygnestadtunet – det mest særmerkte i Setesdal
Ose Turistheim

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.