Kvennevatnet med platedammen mot sør. Foto: Geir Daasvatn

Kvennevassdammen – Ljosland

Kvennevassdammen demmer opp Kvennevatnet på Ljosland i Åseral til magasin for Skjerka kraftverk og kraftverka nedanfor i Mandalselva.

Det er to store dammar i austre enden av vatnet, ein kvelvdam og ein platedam. Reguleringshøgda er 26 meter og dammane er tilsvarande noko høgare. Vatnet blir ført inn på den rundt 13 km lange tunnelen mellom Langevatn og Nåvatn, og derfrå vidare ned i Skerka kraftverk. Damanlegget er eit svært byggverk, som det er spennande å sjå litt nærare på.

Ved nordre enden av kvelvdammen går det ein stig opp til ein liten topp i terrenget. Derfrå får du eit vidt utsyn utover damanlegget og vestover Kvennevatnet. Tur-/skiløypa vestover til Lakkenstova går rett på sørsida av vatnet.

Kvelvdammen mot nord. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Frå Kyrkjebygd i Åseral køyrer du til Ljosland, ca. 22 km. På Ljosland køyrer du opp den lange bakken mot Ljosland skisenter, Nye Gruvevegen. Ta ikkje inn mot Skisenteret, men følg Kvernevassvegen vidare. Han går heilt fram til dammen. Der er det plass til å parkere bilen.

Kart over området

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire attraksjonar

Ljosland fjellhage – unik botanisk oppleving i Åseral!
Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping