Dam Langevatn 20. juli 2021. Foto: Geir Daasvatn

Langevatn – Åseral

Ved søre enden av Langevatn på Ljosland i Åseral ligg ein svær ny steinfyllingsdam, ferdig i 2020.

Frå dammen kan du sykle eller gå vidare på Langevassvegen, om lag åtte km nordover til andre enden av vatnet. Frå enden av vegen er det bare ein kort fottur på rundt tre km på stig til den kjende fjellgarden Pytten. Du kan altså oppleve både eit spektakulært byggverk og ein eineståande sykkeltur i fjellheimen i same rennet!

Den nye dammen hevar vasstanden i Langevatn med ti meter. Reguleringshøgda i vatnet er nå 26 meter. Den gamle dammen blir ein smågut i høve til den svære nye steinfyllingsdammen. Arbeidet var ferdig i 2020, og var ein del av Åseral Nord-utbygginga.

Stykket held fram under biletet

Den gamle Langevassdammen blir ikkje så stor i høve til den nye steinfyllingsdammen. Foto: Geir Daasvatn

Langevatn er ein portal for vandreruter i Setesdal Vesthei. På anleggsvegen vidare nordover langs vatnet frå dammen kan du sykle rundt åtte km på fin grusveg. Les meir om turar med utgangspunkt frå Langevatn her.

Stykket held fram under biletet

Langevatn sett frå den nye dammen. T.h. i bildet kan du skimte den oppgraderte Langevassvegen som går nordover på austsida av vatnet. Foto: Geir Daasvatn

Korleis kjem du hit

Om utgangspunktet er Evje, køyrer du først Riksveg 9 til Hornnes. I Kjetsåkrysset tek du Fylkesveg 42 vestover mot Sveindal. På Sveindal svingar du nordover på Fylkesveg 455 mot Kyrkjebygd. I Kyrkjebygd køyrer du forbi Minne kultursenter og nordover mot Ljosland. Vel framme på Ljosland følger du Langevassvegen ca ein km til parkeringsplassen i Gloppedalen. Me vil anslå at det er ein køyretur på 65–70 km frå Evje til parkeringsplassen ved dammen.

Kart over området

Kjelder

  • Omtalen av steinfyllingsdammen ved Langevatn i «Setesdal Guide 2021», side 15
  • Diverse artiklar på Setesdalswiki, med tilvising til underliggande kjelder

Du vil kanskje også lese

Fleire attraksjonar

Hovden jernvinnemuseum – ei stor oppleving!
SetesdalBox Sauna – Honnevje
Bratt Friluftsliv – Valle
Jarebu – Bykle
Åknes – Lognavatn
Rakkenes – Byglandsfjorden
Daleviki badeplass – Byglandsfjorden
Sines badestrand – Byglandsfjorden
Brokkestøylen glaskafé og glamping
Galleri Systog Dale
Neset Camping
Støylen Camping – Ose