Teatervandring i Bygland: Vakkert, intenst, absurd!

Det var ei mest overveldande teatervandring me fekk oppleve på Bygland torsdag 8. august 2024. Tre ulike teatergrupper har vore på Teaterkoloni på Stoga kulturkafé på Bygland denne veka, og arbeidd med ulike sceniske prosjekt. Torsdag kveld 8. august var tida komen for å syne resultatet så langt. Etter ein kort introduksjon ved Olav Grendstad, […]
Gardsmuseet i Lidi

Sigmund Lidi har overteke det tidlegare bedehuset i Lidi. Her har han laga istand eit lite, men veldig spennande privat gardsmuseum. Det er alltid opent! Sigmund har synt meg rundt i museet. For ein lokalhistorisk kulturskatt – ja eit klenodium – han har skapt! Eg blei reint overrumpla av alt han hadde fått plass til […]
Runebergmoen – Senum

Runebergmoen er eit stille skogsområde på Senum heilt nord-vest i Evje og Hornnes. Her kan du i fred og ro vandre rundt på mjuke gamle stiar, medan du bare let tankane flyge dit dei vil. Frå 1884 var bygdeveg gjennom Senum opp til Bø, over kommunegrensa til Bygland. Folk som gjekk til fots nytta likevel helst den breie stien […]
Aasmund O. Kjetså – barneven, eldsjel og idrettsutøvar

Eg har skrive ei lita bok om Aasmund O. Kjetså (1915–1947). Han var eit godt menneske. Han utretta mykje på den korte livsvegen han fekk. Boka, eller snarare heftet, har svært mange bilete frå den tida Aasmund levde. Dei kjem frå Alf Georg Kjetså si unike biletsamling. Eg er Alf Georg stor takk skuldig. Barndom […]
Happy Hundesenter – draumen blei oppfylt!

Bodil Fischer Breidablik og John Skjørestad hadde ein draum om å skape eit unikt hundesenter i Norge. Det har dei verkeleg fått til! I august kan du følge dei i fleire episodar av «Fra bølle til bestevenn» på NRK TV. Happy Hundesenter ligg på Tønnesland sør-vest i Evje og Hornnes, på veg vestover frå Riksveg […]
Tøffe jenter i Evje og Hornnes Jeger- og Fiskarlag

Jentene i Evje og Hornnes JFL møtest annankvar tysdag til leirdueskyting på Bane T på Evjemoen. Nettsida til Evje og Hornnes JFL Jentene har skytetrening saman med nybegynnarane kl. 17.00–18.00. Då eg fekk lov til å kikke litt på ei økt for eit par dagar sidan, var det ingen nybegynnarar som var der. Bare tre […]
Fyrer opp til Eagles Tribute!

Eit knippe lokale musikarar og songarar har gått saman om å heidre det legendariske bandet Eagles ved 30-årsjubileet for comebacket i 1994. Det blir stor Eagles-konsert på Evjemoen Kino & Scene laurdag 12. oktober! Eagles på Wikipedia Songaren Yvonne Kallhovd og sologitaristen Alf Andrew Pedersen er initiativtakarane til det ambisiøse prosjektet. Dei er veldig glade […]
Futevegen Oddestemmen – Tveit

Frå Oddestemmen ved Gautestadvegen rett aust for Evje kyrkje kan me følge den gamle Futevegen eit langt stykke gjennom skogen opp til Tveit. Futevegen gjennom Evje gjekk frå Evje kyrkje til Flatebygd, over Kongvaheia til Undeland, Mykjåland, Kleveland, Lislevand og vidare gjennom Hovlandsdalen til Vegusdal. Frå Vegusdal heldt vegen fram mot Herefoss og Arendal. Her gjekk «hovudtrafikkåra» frå […]
We Will Rock You!

Kong Hanes eftf. og Evje og Hornnes bygdekor har noko stort på gang fredag 19. og laurdag 20. april! We Will Rock You! har dei kalla fellessatsinga si. Om lag 35 songarar er dei, alt-i-alt. Det er to konsertar; på Bygland Kulturscene fredag 19. april og på Evjemoen Kino laurdag 20. april. Begge kveldar kl. […]
Beat for beat-Atle på Norli Evje

Atle Pettersen var fredag ein lyntur innom Norli Evje for å signere den nye grillboka han har laga saman med Kristoffer Tømmerbakke. Atle er truleg mest kjend for dei fleste av oss som programleiar for Beat for beat. Programmet går på NRK-TV kvar fredagskveld. Men på Evje var han for å marknadsføre den nye grillboka […]
10. august: Folkefest i hjarta av Agder!

Laurdag 10. august toppar Rotlaus spelelista, når Otra Musikkfest blir arrangert på Evjemoen for første gong. Det er det nystarta selskapet Evje Event som står bak musikkfestivalen dei håpar skal bli til ein folkefest. Else Haugland på Dølen Hotel, mangeårig manager og legende i det norske musikkmiljøet Sven Torsten Persson og Trond Andreassen frå Lillesand […]
Setesdal Bilruter nr. 22 – «Friluftsbussen»

På Storøy midt ute i Otra på Granheim i Bygland står Setesdal Bilruter sin buss nr. 22 parkert. Truleg for godt. Bussen var den første i Bilruta med radio og høgtalaranlegg. Mellom skuleelevane i Årdal sokn hadde han tilnamnet «Friluftsbussen», fortel Reidar Tveito i den framifrå boka si Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen […]
Feleberget – Straumen

Feleberget ved Straumen i Bygland har namn etter dei to brørne Aslak og Alv Straumen. Knut Alvson Moi (f. 1809, d. 1883) var ferjemann på Straumen, på austsida av Storstraumen i Bygland, frå 1844 til det kom bru over Storstraumen i 1858. Han var gift med Ingebjørg Aslaksdotter Austad (f. 1808). Ho var syster til […]
Tre nye æresprisar i Otra IL

Marita Bransdal Hodne, Svein Birkeland og Thomas Christian Malm blei alle tildelt Otra IL sin Ærespris under årsmøtet på Otrahuset på Evje tysdag kveld 19. mars. Otra IL sin Ærespris er den høgaste utmerkinga i idrettslaget etter Æresmedlemskap. Prisen kan bli tildelt for både aktiv innsats og administrativt arbeid. Med dei tre siste æresprisane har […]
Postvegen – alltid nye skattar å finne!

Ved Rakkenes er det mange spor etter Postvegen frå 1840-talet. Men sanneleg hadde eg ikkje oversett eitt av dei finaste! I 2018 kom den eminente boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 ut. Leonhard Jansen har skrive teksten. I arbeidet hadde han god hjelp av av eit heilt team; Pål […]
Evje og Hornnes Sparebank og Otra IL forlengar samarbeidet

Evje og Hornnes Sparebank har forlenga hovudsponsoravtalen sin med Otra IL for tre nye år. Det over 40 år lange samarbeidet held fram. For Evje og Hornnes Sparebank har no vore Otra IL sin hovudsponsor siden 1983! Otra IL har 1.600 medlemer, og ei enorm breidde i tilbodet. Me er veldig glade for å bidra […]
Reidar Tveito med ny bok om Byglandsfjord

Reidar Tveito har for lengst pensjonert seg som sagbruksarbeidar. Han er i staden blitt forfattar. I desse dagar er han igjen ute med ny bok. Det er Byglandsfjord 3. Historia frå 1839 til 1911. Boka er nr. 19 som er registrert på Setesdalswiki, men det kan vere fleire. Reidar er ein utruleg produktiv og flink […]
Turtips: Bygdeborgene i Evje og Hornnes

Det har vore fem kjende bygdeborger i Evje og Hornnes. Ved sida å vere spennande kulturminne er dei fine turmål. Det går mot vår, og snart smeltar snøen vekk. Du er kanskje ein av oss som då finn glede i å kome ut på tur på beina i skog og mark. Dei fem bygdeborgene i […]
Steinsfjell – Evje

Steinsfjell er eit lite fjell rett aust for Evje sentrum. Det er eit «kortreist», men flott turmål! I vesthallet av fjellet, mot sentrum, ligg Trollbakken hoppanlegg. Mot sør ligg den store skytebanen som var hovudarena under Landsskytterstemna på Evje i 1999, 2009 og igjen i august 2019. På toppen av fjellet har Forsvaret ei varslingsmast for skyteøvingar i Evjemoen skyte- […]
Futevegen – Vegusdal

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen. Start frå Vegusdal […]
Linddalen naturreservat – Hornnes

Linddalen naturreservat er en 110 dekar stor vernet edellauvskog i Linddalen, øverst i Dåsvannsdalen i Hornnes. Skogen er alm- og lindeskog, med innslag av flere andre treslag, og ble fredet som naturreservat i 1977. Det er også en veldig interessant flora i reservatet. Mange skoleklasser i Evje og Hornnes, og gymnasiaster, har nok vært med læreren […]
Kulturminnesøk – ei skattekiste

Her har du eit kjempebra hjelpemiddel for å finne spennande kulturminne i nabolaget ditt! Slik skildrar Kulturminnesøk sjølv verksemda si (lett omskrive til nynorsk): Kulturminnesøk er ei nettside der du finn informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap. I Kulturminnesøk er det over 220.000 objekt. Freda bygningar, freda kulturmiljø, verdsarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under […]
Kosåna – der mennesker har streifet rundt siden steinalderen

Kosånavassdraget strekker seg fra Egsåvatnet i Åseral, gjennom vestre deler av Hornnes og videre gjennom Bjelland til elva renner ut i Mandalselva ved Foss. Kosåna og naturen rundt byr på mange fine naturopplevelser og rike muligheter for friluftsliv. Vassdraget Fra starten ved utløpet av Egsåvatn er flere vatn inkludert i vassdraget; Gunnarsvatnet og Bjørndalsvatnet i Hornnes, deretter følger Kosvatn, og nedenfor dette […]
5000 bilete på Setesdalswiki

I dag la eg inn mitt bilete nr. 5.000 på nettleksikonet Setesdalswiki. Det ligg ein del tidsbruk og arbeid bak, ikkje minst på tur ute i landskapet, så det er moro å ha fått til. Bileta er i hovudsak illustrasjonsfoto til all slags artiklar. Eg tykkjer artiklane som oftast blir meir informative og leseverdige, når […]
Indre Agder Transport AS på Hornnes overtar gods- kjøringen fra LL Setesdal Bilruter

LL Setesdal Bilruter (SBR) og Indre Agder Transport AS (IAT) er enige om at IAT overtar godsavdelingen fra SBR. Pressemelding Aktiviteten det dreier seg om, er distribusjon av stykkgods i Setesdal. Avtalen innebærer at IAT kjøper to lastebiler fra SBR. Overtagelsen er 1. februar og de ansatte har fått tilbud om å være med videre. […]
Trollfoss – Vegusdal

Trollfoss i Hovlandsåna forbi Flateland i Vegusdal er ein svær foss på ein litt mystisk plass. Det er ingen lang tur. Men om du er forbi desse traktene, er fossen verkeleg verdt ein avstikkar. Gjennom tusentals år må elva ha grave seg ned i fjellet, og laga det svære og tronge juvet ho renn gjennom her. Når […]