Setesdal Bedriftshelsetjeneste innbyr til spennende lederutviklingsprogram!

I januar er det oppstart på et nytt og spennende kurs fra Setesdal Bedriftshelsetjeneste – basis lederutviklingsprogram. Dette er et praktisk og godt innrettet kurs mot bedriftene, med samling på kvelden én gang i måneden, fra januar til juni, med varighet på tre timer på hver samling. God ledelse er en viktig forutsetning for å […]
Longerak kraftstasjon: Kathe Merete Kjetså med kunstverk om kunstverket!

Kathe Merete Kjetså legg i desse dagar siste hand på heftet sitt om Longerak kraftstasjon i Bygland. Longerak kraftstasjon blei bygd i 1915, og ligg som ei lita middelalderborg inne i skogen på oppsida av Riksveg 9 på Longerak i Bygland. Mange har nok aldri sett dette «eventyrslottet». Men stasjonen er framleis i drift, og […]
Setesdalswiki med 95.860 artiklar ved årsskiftet

1. januar 2024 er det 95.860 artiklar på nettleksikonet Setedalswiki. Godt nytt år! | Blog for Harald (setesdalswiki.no) 26. april 2009 blei den første artikkelen lagt ut på nettet. På dei snart 14 åra som er gått, har talet altså auka frå 1 til 95.860! Nye kjem til mest kvar dag. Siste døme er ein kort […]
Drodling frå ein snøhaug!

Eg var ute og brøyta tunet for snø i dag, med sørlandsskuffa. Det var tredje dagen på rad. Det er eit svært tun, med stikkveg ut til Fv-42. Igjen måtte eg måke vekk ein svær og tung snøskavl som var blitt liggjande att i utkøyrsla etter at brøytebilen hadde passert. Postkassa måtte eg òg brøyte […]
Gudstenester på Jolaftan

Det er Jolaftangudstenester i alle kommunane i Setesdal og dei næraste kommunane rundt. Det skjer også andre hyggelege ting. Her er eit oversyn, henta frå Setesdalswiki sin datoartikkel for søndag 24. desember.
Risdal Touring 25 år!

Turoperatørselskapet Risdal Touring har 25-årsjubileum. Det blir feira på Evjemoen tysdag 2. januar! Risdal Touring heldt altså opent hus i hovudkvarteret i Evjemoen Næringspark kl. 12.00–15.00 på sjølve jubileumsdagen 2. januar. Her er ALLE velkomne, både tilsette, tidlegare tilsette, kundar, samarbeidspartnarar og sympatisørar. Dei tre på biletet øvst i stykket er gründerane og eigarane Tom […]
Slengen – Rygnestad

Måndag 11. desember fekk eg teke meg ein av dei litt for sjeldne turane oppover i dalen. Då nytta eg høvet til ein liten spasertur oppover i jorda bak Rygnestadtunet, til den gamle husmannsplassen Slengen. Slengen ligg rett ved den fyrste kvasse svingen i heievegen frå Rygnestad, heiter det i Gards- og ættesoga for Valle, […]
Silje på Dyrebutikken Evje

Det er utruleg mange trivelege folk å treffe i Setesdal 💝 Eg hadde eit lite oppdrag i dag, i samband med «Jul på Evje», hos Silje Sløgedal Eikås på Dyrebutikken Evje. Silje er eigentleg lastebilsjåfør. Men for snart tre år sidan fekk ho sjansen til å overta butikken til Nettdyret på Evje, rett sør for […]
Arrangementsstøtte frå Setesdal IPR i haust

Setesdal interkommunalt politisk råd har ei eiga støtteordning for arrangementsutvikling. I haust er det delt ut 150.000 kr under ordninga. Føremålet med ordninga er auka verdiskaping i regionen. Gode arrangement skapar trivsel, samarbeid og utvikling, og er positive for fastbuande, besøkande og for lokalt næringsliv. Støtta gjeng til utvikling og nyskaping av nye eller etablerte arrangement, med fokus på […]
Busselskapet Sverre Haga AS i Rogaland drives videre med nye eiere med base på Evje

Eierne av Risdal Touring på Evje har inngått intensjonsavtale om kjøp av 90 prosent av aksjene i Sverre Haga AS. Sønn av Sverre Haga, Ole Kristian Haga, beholder ti prosent av aksjene. Pressemelding, 6. desember 2023 – Søskenflokken Haga er glade for å ha funnet en løsning som viderefører fars livsverk. Eierne av Risdal Touring […]
Koseleg jolemarknad på Ose!

Det var ein veldig triveleg jolemarknad på Ose grendehus laurdag. Det var fullt av folk, spennande utstillingar og god graut! Facebooksida til Bygland Husflidslag Eg telte ikkje opp kor mange utstillarar som var med. Men det var temmeleg fullt rundt veggane. I midten av den store salen sat folk og koste seg med god mat […]
Knallstart for lokalmat i Grendi!

Det var mange nysgjerrige og spente kundar innom, og godt med sal, då «Lokalmat frå Setesdal» opna det nye utsalet sitt i Grendi torsdag. Facebooksida til «Lokalmat frå Setesdal» Honningprodusent Nina K. Vraa hadde gleda av å vere sjef i butikken den aller første dagen. Ho smilte som ei sol då eg traff henne litt […]
Mykleåsen turløype – Evje

Mykleåsen er eit fjell (512 moh.) i Flatebygd i Evje. Det går ei fin turløype gjennom gamalt, historisk gruve- og mineralterreng til toppen av fjellet. Fleire stader er det opne glenner, der du har eit mektig utsyn ut over Otradalen og Evje. Litt historie Rundt 1830 prøvde dei først å ta ut koparmalm frå fjellet. I åra […]
Gruveblikk – dagsturhytta i Evje og Hornnes

Gruveblikk er dagsturhytta i Evje og Hornnes kommune. Ho ligg ved Nygruva ved Flåt nikkelgruve, om lag fem kilometer nord-aust for Evje sentrum. Hytta kom opp hausten 2023. Ho blei offisielt opna 12. november 2023. Ho har ei verkeleg fin plassering, med majestetisk utsikt nedover mot Evje og Otradalen. Thor Widar Wienenga har rydda i […]
Setesdalsrosa: Årets jolegåve i Setesdal?!

Anne Turid Bjørnestad Frøysnes og Frank Egil Reise kjem i månadsskiftet november/ desember ut med dikt- og biletboka Setesdalsrosa saman. Anne Turid er gift med Øystein Frøysnes, og bur på Frøysnes i Bygland. Ho har skrive dikt i mange år, og legg dei endeleg fram for oss alle så vi kan glede oss over dei. […]
Revy i Bygland: Siktar mot stjernene!

Til helga er det klart for årets revy i Bygland, under tittelen Halvvegs til Hovden. Eg var ein kjapp tur innom prøvene på Bygland Kulturscene laurdag, for å lodde stemninga i Bygland Dramatiske Selskab før det brakar laus om nokre få dagar. Den korte konklusjonen må vere – noko stort er i vente! Under framsyninga […]
Tim Dåsnes – skulemann og motstandskjempar

Torgrim (Tim) Dåsnes var fødd 28. september 1920 og døydde 19. oktober 2007. Han budde i Hornnes. Tim var lærar og skulesjef i Evje og Hornnes kommune i ei årrekke. Tim tok lærarprøva i 1950. Etter det var han lærar i Sørkedalen. I 1960 vart han tilsett som lærar på Evje skule. I 1961 blei […]
«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Staden ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere litt over det […]
Skorpetveit – skogen kan skjule så mangt!

Det er Skorpetveit rett ved Riksveg 9 nord i Valle me ser på biletet her frå november 2018. Eg stansa her fordi eg ville ta eit bilete av den gamle setesdalsvegen, bygd ca. 1873. Du ser han framme i biletet. Eg laga eit lite stykke om den gamlevegen for nokre dagar sidan. For eit par […]
I fotspora til setesdølane: Eldjannskleivan på Hægeland

Den gamle setesdalsvegen gjennom Hægeland gjekk forbi Hægeland kyrkje og ned Eljannskleivan før han passerte over Eldjansåna på bru. I dag er dette ei veldig fin turløype. Den første ordentlege køyrevegen mellom Mosby i Kristiansand og Kile i Hægeland blei bygd 1829–1835. Strekninga som er omtala her, Eldjannskleivan, blei bygd i 1835. Vegen ligg noko […]
Juvassvegen – Åseral

Juvassvegen går frå Austegard i Åseral, på austsida av elva Logna, nordover til Juvassdammen i søre enden av Juvatn. Det er ein fin sykkeltur! Vegen er om lag seks km lang. Han er open for almenn ferdsle, om du vil køyre med bil. Han går mellom anna forbi dei vakre fossane Store-Rjukan og Lisle-Rjukan i Logna-elva. Her er mange fine badeplassar om sommaren. […]
Kulturpatrulja feirar 10 år!

Søndag 15. okt. har Kulturpatrulja 10-årsjubileum. Det vert feira med stor konsert i Hylestad soknehus på Rysstad klokka 16.00. Prosjektet er eit samarbeid mellom Setesdalsmuseet og Visit Setesdal. Kvar sommar syter unge utøvarar innan spel, dans og stev for å bringe ekte setesdalskultur ut til folket. Utøvarane har variert gjennom åra. 16. juli 2016 (biletet […]
Torbjørn Frøysnes lærte oss mykje!

Tidlegare ambassadør Torbjørn Frøysnes heldt eit inspirerande, grundig og svært lærerikt foredrag om «Menneskerettane i krigens tid» på Milano på Evje måndag kveld. Les meir om Torbjørn Frøysnes på Setesdalswiki Sverre Framnes ønska oss alle velkomen. «Alle» var mange, for lokalet var mest fullsett av byglendingar og andre som ville treffe Torbjørn og høyre han […]
Kallshovet – Hornnes

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det er bare ein kort tur å gå, men toppen er eit veldig fint utsiktspunkt. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for […]
Snipa på Longerak – majestetisk utsiktspunkt!

Høgt oppe i lia mellom Longerak og Longeraksvatnet ligg Snipa, eit utkikkspunkt med eit enormt utsyn ned til Longerak, over mot Frøyrak, og endå mykje lenger både sørover og nordover Byglandsfjorden. Snipa er ikkje eit offisielt namn på fjellet. Kva namnet kjem av veit eg ikkje. Staden blei litt kjend for turgåarar då toppen fleire […]
Dagsturhytta i Evje og Hornnes på plass!

Dagsturhytta i Evje og Hornnes er sett opp denne veka. HL-Bygg frå Grimstad har gjort jobben. Hytta har ei verkeleg fin plassering, ved Nygruva i gruveområdet på Flåt, med majestetisk utsikt nedover mot Evje og Otradalen. Bommen på gruvevegen er flytta frå området ved Flatebygd skianlegg opp til sjølve gruva. Alle kan nå køyre heilt […]