Frøyrak gamle brygge 8. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Frøyrak gamle brygge

Frå 1867 til 1905 var det dampbåtbrygge på Mørkenesodden på Frøyrak.

Brygga var ei steinfylt tømmerkiste, og Mørkenesodden (Odden) var landfast. Ho vart brukt av damprutebåten Dølen frå 1867 og av både Dølen og Bjoren frå 1897 til fjorden vart stemd opp i 1905.

Brygga står som oftast under vatn. Men nå i byrjinga av oktober 2024 er Byglandsfjorden tappa ganske langt ned. Då er det mogeleg å kome tørrskodd ut på Odden, og brygga kjem betre fram. Eg har nytta høvet til å skaffe meg eit par bilete av det fine kulturminnet frå ei tid som for lengst er forbi. Torgeir Moseid på Byglandsfjord har skrive ei fin bok om dampbåttrafikken på fjorden, Frå kveg til cruise. DB Bjoren 150 år (Setesdalsmuseet, 2017). Ønsker du å vite meir om dette spennande kapittelet i samferdslehistoria i Setesdal, er den boka ein ypparleg start!

Husmannsplassen Odden

På same tida som dampbåtane brukte brygga på Odden, var det husmannsplass her. Den vesle plassen hadde såleis ei sentral plassering i høve til dampbåttrafikken på fjorden. Men den historia får vente til ein annan gong.

Kjelder

Nærbilete av den gamle brygga 8. oktober 2024.
Den gamle brygga 8. oktober 2024. Framleis kan me sjå nokre rotne trestokkar etter tømmerkista. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kulturminne

Postvegen – Bjørnarå
Dalevegen – Hågås på Bjørnarå
Postvegen – Båsbrokka i Bykle
Postvegen – Hoslemo
Det første kraftverket på Hovden
Postvegen – Bakken
Postvegen – Heddessteinen
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Postvegen – Moen gamle bru
Postvegen – Hestevelt til Kroni
Setesdalsbanen – Homevassevja
I fotspora til setesdølane – Trebukleiva til Nilsedalane i Kristiansand