Buekleiv med utsikt nordover mot Skottedalskleiva 18. juli 2024. Husa på garden Bue ligg til høgre for tjønna, noko skjult av bergknausen på biletet. Foto: Geir Daasvatn

I fotspora til setesdølane – Buekleiv

Buekleiva var ein lang bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Det er rett sør for den berykta Skottedalskleiva.

Kleiva ligg rett nord for kommunegrensa mellom Kristiansand og Vennesla, og såleis i Øvrebø i Vennesla kommune. Den lettaste måten å finne fram til staden, er kanskje å følge vegen vestover frå Stemmen til garden Bue. Eller du kan ta opp Skottedalskleiva, og følge gamlevegen sørover til Buekleiv. Det er ein nydeleg spasertur i eit idyllisk landskap.

Kart over området

Setesdalsveg 1829–1874

Vegen her blei bygd i 1829. Seinare blei han utvida i åra 1844–1848. Buekleiva var i bruk som setesdalsveg til rundt 1874. 1872–1874 blei det bygd ny veg mellom Mosby og Homstean, etter same line som Riksveg 9 har i dag, men rundt Vehuslona.

Då Buekleiv blei bygd kring 1829 var det framleis fleire år til Postvegen kom nordover gjennom Setesdal. Her oppe hos oss var det framleis den gamle dalevegen som gjaldt. Men seinast då Postvegen var køyrbar med hest og kjerre først på 1840-talet, og kanskje helst før, blei vegen her byvegen også for setesdølane.

Stykket held fram under biletet

Vegen er bygd opp i terrenget med svære steinmurar. Foto: Geir Daasvatn

Stor trafikk

I Hægelandsboka er det sagt at det var ein overmåte stor ferdsel med tunge lass langs setesdalsvegen mellom Mosby og Kile. Her kunne det gå opp mot 100 hestar til dagen, og i gjennomsnitt sikkert ikkje under 50 hestar dagleg. Mange av desse lassa kom rimelegvis frå dei nedre bygdene Hægeland og Øvrebø. Men sikkert er det at forbi Bue har også mang ein setesdøl streva seg med bytromet sitt!

Kjelder

Meir gamal setesdalsveg

Fleire kulturminne

Frutti Frøyrak si grav
Skjevrak brygge – Bygland
Heimigard – Rysstad
Tverrå gamle bru – Bykle
Blodsteinen – Åseral
Austadburet
Åknes kapell
Kjetsåbrua – Hornnes
Riksveg 400 – Odden, Lauvdal
Høybua på Skarsmo
Flatelandsmoen gravfelt – Valle
Postvegen – Bjørnaråkleiva

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.