Sordalsgardane hadde kvernene sine i Kvernåna, som renn ut i Otra ved Steglefloti. Det skal ha vore opptil sju kverner langs elva her.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl.Etter den primitive skrubbekverna og den litt meir forseggjorte handkverna byrja det å kome vasskverner til å male mjølet i Noreg på 1200-talet. Første gong ei kvern er omtalt i eit skriftleg dokument i Setesdal skal vere i samband med ein eigedomshandel i Bykle rundt 1505. Når me kjem fram til 1700-talet, var det svært vanleg at kvart gardsbruk i Bygland hadde si kvern.
Kverner frå 1500-talet?
Kvern på Sordal er nemnt i lensrekneskapen 1621/1622. Men garden har nok truleg hatt kvern før det, når me ser at det var kvern i Bykle alt i 1505.
Frå 1769 finst det spesifiserte opplysningar om kor mange kverner kvar gard hadde. Nordre Sordal hadde då tre kverner, og Søndre Sordal fire. Det var totalt sju kverner, ei til kvart bruk.
Siste kverna i bruk under krigen
Den siste kverna som stod var kverna på gnr. 8 bnr. 4. Ho var framleis i bruk under andre verdskrigen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind II, s. 26). For å redde kverna, blei ho flytta heim i garden. Huset blei restaurert, og nytta til bakstehus. Eigaren av gnr. 8 bnr. 4, Arne D. Sordal, flytta seinare kverna ut til Steglefloti, og tekte ho med torv.
Her står kvernhuset framleis, som det einaste som er att på Sordal. Det er eit verdifullt kulturminne frå ei tid som er forbi.
Stykket held fram under biletet

Spor etter kvernene i dag
Eg har vore eit par turar oppover langs Kvernåna og kikka meg litt rundt. Eg tykkjer det er moro å fotografere gamle kulturminne. Førebels har eg berre funne det eg trur er spor etter fire kverner. Eg kallar dei i mitt hovud for «tuft 1» til «tuft 4» for ikkje å gå i surr. I tillegg er det ganske tydelege spor etter vassrenner mellom tuftene, når me bare ser oss godt rundt. Med unnatak for det nemde kvernhuset til gnr. 8 bnr. 4, som truleg stod på den nedste av tuftene, veit eg ikkje kva gard dei enkelte tuftene høyrde til.
Spor etter dei andre tre kvernene kan vere vaska vekk av flaumar, eller eg kan ha kikka meg for dårleg rundt. Kanskje har eg ikkje vore langt nok oppover langs elva? Eg lyt halde fram med leitinga, og/eller studere grundigare i kjeldene. Om nokon har meir informasjon, er eg takksam for det. Så kan eg utvide stykket her etter kvart som kunnskapen min aukar.
Bilete av tuftene




Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind II, utgjeve av Bygland kommune, 2003, s. 25–26
- Aasmund Tveiten, Vasskraftutnytting i Bykle kyrkjebygd i gamle dagar, stykke i Jol i Setesdal, 2000, s. 34–37
- Åmund T. Sordal (f. 1941), munnleg informasjon
- Kristoffer Visted og Hilmar Stigum, Vår gamle bondekultur, bind I, 3. utgåve, utgjeve på J. W. Cappelens Forlag, 1971, s. 9 flg.