Gamlevegen på Optestøyl 11. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Optestøyl

Postvegen – den gamle setesdalsvegen – følgde lia på austsida forbi Optestøyl i Bykle. I dag går Riksveg 9 rett fram.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.

Bygd rundt 1873

«Jag har bott vid en landsväg». Den gamle setesdalsvegen på Optestøyl 11. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Køyrevegen forbi Optestøyl kom rundt 1873. Vegen kom då opp frå Båsbrokka og over Svismyri, kryssa der Riksveg 9 går no, og heldt fram i ein lang sving innunder lia aust for jorda som er der i dag. Nord på Optestøyl tok han noko mot venstre og svinga seg innom der bureisingsbruket Svingen seinare kom. Så bar det oppover i Grasbrokke.

Den lange svingen der Postvegen gjekk må vere utbetra fleire gonger etter at han blei bygd rundt 1873. Det er truleg ikkje så mykje som ligg att av den «originale» første køyrevegen. I 1952 blei det bygd to «Optestøylbruer» på setesdalsvegen her. Eg vil tru det var då riksvegen blei lagt rett fram, og gamlevegen med det kom ut av bruk som setesdalsveg.

I dag er denne gamle vegsløyfa ein idyllisk del av Nasjonal sykkelrute nr. 3.

Kart over området

Kjelder

  • Leonhard Jansen, Pål Arnfinn Haugen, Olav Røysland og Harald Tallaksen, Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9, Bokbyen Forlag, 2018, s. 179–180 og kart nr. 26 bak i boka
  • Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord, 2014, s. 195

Fleire kulturminne

Sordal nordre gravfelt med Haugeteddan
Åraksbø kraftverk
Riksveg 400 – Kvernhusmyra sør for Ærekilen
Vegbrakka – Geiskeli
Langerak kraftverk
Postvegen – Kroni til Moen
Langeidsverdet
Kongshaugen – Evje
Ekron – Nordre Haugetveit
Futevegen – Klevelandskleiva
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Postvegen – Lauvdalsodden