Den gamle setesdalsvegen på Sanden Såre 23. oktober 2024. Foto: Geir Daasvatn

Postvegen – Sanden Såre

På Sanden Såre i Lunden nord i Valle ligg ei lang strekning med idyllisk, gamal setesdalsveg att i skogen langs Otra, nå som bubilcamp.

Postvegen, den første ordentlege køyrevegen for hest og kjerre oppover i Setesdal, blei ferdig til Valle kyrkje i 1844–1846. Men der stoppa arbeidet opp. Folk i øvre delen av Valle og heile Bykle måtte framleis bruke kløvhest for å frakte varer. Det var veldig tungvint. Men viljen til å kome vidare nordover med vegen var laber. «Iallfall når det skulle løyvast over kommunebudsjettet», skriv Leonhard Jansen i praktverket Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 (s. 164).

Men i 1865 blei det endeleg vedteke å be amtet (fylket) godkjenne opparbeiding av køyreveg opp til Bykle. Arbeidet kom i gang, og i 1879 var vegen framme ved Bykle kyrkje.

Bygd i 1873

Brua som ifølge kjeldene var setesdalsveg frå 1927 til 1963. Det var litt andre krav til standarden før i tida. Foto: Geir Daasvatn

Nord i Lunden, ved Sanden Såre mellom Brokka og Vormeviki, gjekk den gamle kløv- og ridevegen langs breidda av Otra. Den nye køyrevegen, med ei lita bru over Veiåne, blei bygd forbi her rundt 1873. Den nye vegen må då ha vore ei oppgradering av den eldre ridevegen.

Brua blei bygd om til ei stålbjelkebru i 1927. Vegen og brua på Sanden Såre var i bruk som setesdalsveg til 1963. Då blei vegen flytta litt oppover (austover) i terrenget, til der Riksveg 9 går nå.

I dag er Sanden Såre ein idyllisk bubilcampingplass.

Kart over området

Gloppefossen m.m.

På andre sida av Riksveg 9 for Sanden Såre er det parkeringsplass og startpunkt for turløypa som går gjennom det mektige Veiåjuvet til den høge Gloppefossen. Langs Veiåne, litt oppover i skogen, ligg det fleire vakre, gamle kvernhus. Langs breidda av Otra nede på bubilcampen kan du sjå ein av dei store steinskjermane som er att etter tømmerflotinga på elva.

Kjelder

Fleire kulturminne

Postvegen/Riksveg 400 – Staven
Postvegen – Flateland
Auglandskleiva bru – Torridal
Skore i Bygland
Postvegen – Lauvdalsodden
Hovden kraftstasjon
Træletveit gravfelt – Åraksbø
Kleveknuten bygdeborg – Hornnes
Bygland brygge
Skollhaugan gravfelt – Skreros
Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal
Heddisloptet

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.