Sandbekk jernbanebru 14. mars 2020. Foto: Geir Daasvatn

Sandbekk jernbanebru – Sandbekkbrua på Rv-9

Sandbekk jernbanebru er eit godt skjult, men vakkert kunstverk av ei steinkvelvbru under austsida av Rv-9 ved Sandbekk heilt sør på Moisundsletta i Hornnes.

Over denne vesle brua gjekk Setesdalsbanen.

På vestsida av dagens Rv-9 gjekk den gamle Setesdalsvegen. Der er det bygd ein kulvert, ein svær steinmur med opning i, som Sandbekken renn gjennom. Då dagens veg blei bygd, «kompensasjonsvegen» rundt 1965, kopla vegbyggarane dei to bruene saman til ei brei bru som me i dag køyrer over i full fart.

Murar etter den gamle Setesdalsvegen. Foto: Geir Daasvatn

Ta ein kikk!

Alle som bur i området kjenner sjølvsagt til desse bruene. Men me vil tru at folk flest knappast har kikka nærare på dei? Ein dag du er på sykkeltur her, skulle du ta deg tid til ein pust i bakken! Bruk den korte stoppen til ein kjapp tur over fenderen på begge sider av vegen, så du óg kan få sett desse fine byggverka.

Kjelder

  • Reidar Tveito, Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen, Byglandsfjord 2014, side 59

Rett i nærleiken

Fleire kulturminne

Riksveg 400 – Skomemoen
Flatelandsmoen gravfelt – Valle
Den gamle byvegen over vestheia i Iveland
Riksveg 400 rundt Toptenes
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa
Evjemoen som kulturminne
Gamle Fånekleiva – Bygland
Frutti Frøyrak si grav
Postvegen – Heimåtsvingen
Hornnes jernbanebru
Dammen i Nordåna – Grendi
Steinmuren ved Landeeika

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.