Knutsbakk – Bygland

Dette er staden i Bygland for kransenedlegging til minne om dei som fall under 2. verdskrigen. Her ligg og fleire gravhaugar frå vikingtida. Knutsbakk var tilhaldsstad og ekserserplass for militære i dansketida, er det fortalt. Staden ligg om lag 175 meter sør for Bygland kyrkje. Minnestøtta Minnestøtta (t. h.) vart avduka 17. mai 1947 av fylkesmann Nils Hjelmtveit. […]
Listeinsfjellet på Evjemoen

På Listeinsfjellet var det ei norsk maskingeværstilling som skaut mot tyske fly over Evjemoen i aprildagane 1940. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling her. Listeinsfjellet er lågt, bare 230 moh., og mest som ein liten rund ås. Fjellet ligg aust for Bjoråvegen, på andre sida av vegen for Evje Fengsel, lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen. Under […]
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen

Dette var ein landbrukskanal som blei grave ut på Galteland i Evje under 2. verdskrigen, truleg i åra 1942–1944. Ein tropp frå Arbeidstenesta utførte arbeidet. Jørg Godtredsen var med i arbeidet, og har fortalt mykje om det i kultursoga for Evje og Hornnes. Det blei reist ein minnestein etter arbeidet, som ein framleis kan sjå i vegkanten langsmed FV-42 […]
Tyskarminnevegen – Moisund

Tyskarminnevegen var eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong ved Slettefet på Moisund under 2. verdskrig. Dei ville rette opp hovudvegen – Setesdalsvegen – mellom Kvernhusmyra og Skorva rett sør for Slettefet. Store mengder sprengt stein og fleire fjellskjeringar ligg framleis og minnar om at prosjektet aldri blei ferdig. Slettefet–Skorva–Kvernhusmyra på Norgeskart.no Veg ved Ærekilen Stykket mellom Kvernhusmyra og Skorva […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. […]