Åknes kapell

Åknes kapell. Kirke. Foto.

Åknes kapell er ei langkyrkje på Åknes ved idylliske Lognavatn i Åseral med 150 plassar og galleri. Ho er bygd i 1873. Byggherrane var Tobias Flottorp og Gard Ekså, som og laga døypefonten. Kyrkjeklokka kom frå Oslo og vart køyrd med hest til Dåsvatn og sidan boren på ryggen av Torgeir Helleren til Lognavatn. Altertavla er akantusranker og treskurd av Lars Svenson Juvasstøl. Ho høyrer […]

Ljosland kapell

Ljosland kapell utvendig. Foto.

Ljosland kapell er ei kyrkje på Ljosland i Åseral, bygd i 1959. Kyrkja er rektangulær og bygd i tre. Arkitekt var A. Erikstad. Kyrkja har 95 plassar. Altertavla er «Jesus på korset» av Ottar Helge Johannessen (1959) og eit kors i tre med glassmosaikk. Preikestolen er i tre og laga av Tveitestøl og Roland i 1959. Også døypefonten er i […]

Årdal kyrkje

Årdal kyrkje. Foto.

Årdal kyrkje ligg vest for Riksveg 9 i Grendi i Bygland. På vestsida av kyrkja ligg Byglandsfjorden. Ho er soknekyrkje for Årdal sokn i Bygland. Den åttekanta, tømra kyrkja vart bygd på Lande sin grunn i 1827-1828 av Anders Torson Syrtveit (og kjend som «Anders kyrkjebyggjar»). I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar. Kyrkjegarden Den eldste delen av kyrkjegarden er rundt kyrkja. Eit nytt […]

Fjellgardane kyrkje

Fjellgardane kyrkje. Foto.

Fjellgardane kyrkje, tidlegare kalla Hovden kapell, er ei langkyrkje bygd i tre i 1957. Kyrkja ligg sentralt på Hovden i Bykle. Arkitekt var Torjus Bjåen. Else Marie Jakobsen har laga eit antependium på 70 x 200 cm til kyrkja med tittel «Skal dei verta som den kvite ull». Hovden kapell blei vigsla av biskop i Agder bispedøme, Johannes Smidt, den fine haustdagen […]

Åseral kyrkje

Åseral kyrkje. Foto.

Åseral kyrkje er ei krosskyrkje med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken. Ho er bygd i laft og panelt utvendig. Truleg var det også Åsland og Bakken som laga altertavla og døypefonten. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført […]

Sandnes kyrkje – Åraksbø

Sandnes kyrkje i Åraksbø. Foto.

Sandnes kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1844 i Åraksbø i Bygland. Ho har opphaveleg stått på Sandnes. Kyrkja er lafta i tre, og panelt utvendig. Ho har rundt 200 sitteplassar. Bygd på Sandnes Kyrkja er altså bygd på Sandnes i 1844. Byggmeisteren var Anders Torson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Flytta til Åraksbø Frå 1884 kom det […]

Sandnes kapell

Sandnes kapell. Foto.

Sandnes kapell er ei åttekanta kyrkje på Sandnes i Bygland. Kyrkja har rundt 70 sitteplassar.  I 1842 blei ei kyrkje bygd på Sandnes tidleg på 1680-talet rive, og ei tømmerkyrkje med åttekanta grunnplan blei reist på same staden. Ho blei vigsla i 1844. I samband med det arbeidet vart kyrkjegarden utvida og kyrkjegardsmuren fullført. Kyrkja frå 1680-talet hadde i […]

Austad kyrkje

Austad kyrkje i Bygland. Foto.

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]

Evje kyrkje

Evje kyrkje. Foto.

Evje kyrkje er ei langkyrkje i tre. Ho er eit staseleg kulturminne ved innkøyringa til Evje frå nord. Kyrkja vart bygt av Ludvik Karlsen i 1890–1891, og vigsla 16. desember 1891.  Det er plass til 450 personar, og kyrkja har galleri. Døypefont og preikestol er og bygt i 1891, og er i tre. Altertavla frå 1891 er […]

Valle kyrkje

Valle kyrkje i vinterdragt. Foto.

Valle kyrkje er ei korskyrkje i lafta tømmer frå 1844. Kyrkja har om lag 400 plassar, og kyrkjegarden ligg rundt kyrkja. Ho ligg på Vaddarhaugen, like ved den gamle riksvegen gjennom bygda. Anders «Kyrkjebyggar» Kyrkja er bygt av «Kyrkjebyggaren» Anders Torson Syrtveit. Valle-bøndene ytte mykje for å få reist kyrkja. Dei gav tømmer, og gjorde […]

Hylestad kyrkje

Hylestad kyrkje. Foto.

Hylestad kyrkje er ei åttekanta kyrkje i lafta tømmer frå 1839, bygt av Anders Thorson Syrtveit, «Kyrkjebyggaren». Han bygde dei fleste kyrkjene i Setesdal. Kyrkja har 200 sitteplassar og to galleri. I våpenhuset er det kopiar av Hylestadportalane, med motiv frå heltesagaen om Sigurd Fåvnesbane. Desse portalane kom frå stavkyrkja som stod i området Hovet/Bjørgum, […]

Vakre Hornnes kyrkje frå 1828

Hornnes kyrkje. Foto.

Hornnes kyrkje er ei vakker, åttekanta kyrkje frå 1828 på Hornnes i Evje og Hornnes. Kyrkja vart vigsla av prost Paul Brodahl Larsen 22. juni 1828. Byggmeister var Leg Askildson Hallingskaar frå Laudal i Vest-Agder. Arbeidet var ikkje heilt vellukka, og tårnet var skeivt. Noko seinare vart det difor bygd nytt tårn. Dette arbeidet blei utført av Anders Torson Syrtveit («Anders kyrkjebyggar»). Kyrkja er lafta og har 300 […]

Bykle gamle kyrkje – unikt kulturminne i Setesdal

Bykle gamle kirke. Foto.

Bykle gamle kyrkje er  ei av dei minste soknekyrkjene i Norge, og den mest særmerkte i Setesdal. Kyrkja er i 2024 open 24. juni–11. august dagleg kl. 11-17. Gratis inngang. Kyrkja skal vere bygt i 1620, og kunne såleis feire stort 400-årsjubileum i 2020. Men før 1620 må det også ha stått ei kyrkje i Bykle, truleg […]