Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Av Geir Daasvatn

© 2022-2024

Kveld over Evje

Friluftsparken Furuly med Evje sentrum bak seint om kvelden 11. november 2024. Foto

Dei mørke haustkveldane er her. Men med litt hjelp av månen, og kameraet på lang lukkartid, er kvelden over Evje slett ikkje så mørk likevel. Biletet tok eg frå gangvegen mellom Furuly og øya i Otra utforbi sandstranda. Eg køyrde forbi Krossen ein kveld, og kikka over elva mot Furuly. Då såg eg at gatelysa […]

Draumenatt over Bygland

Natt over Nesmoen i Bygland 18. oktober 2024. Foto.

Frå den lange rasmuren i Urdviki kan natta over Bygland sjå omtrent slik ut. Laurdag 26. oktober var det opning av Vikingtidsutstilling og Europeisk Kulturminnekonferanse på Bygland. Merksemda Bygland og Setesdal fekk – og vil få langt utover kommune- og landegrensene etter den store dagen – må vere mest som ein draum for alle som […]

Hovassåna – Skrikarjuvet

Fossefall i Hovassåna i Skrikarjuvet. Foto.

Trass i det litt «brutale» namnet, finst det små idyllar overalt i Skrikarjuvet! Skrikarjuvet er eit smalt og djupt juv som Hovassåna renn gjennom før ho munnar ut i Åraksfjorden. Juvet er fullt av kjempestore, mosegrodde steinar, nedramla tre og busk og kratt, og helst litt tungvindt å ta seg fram i. Men her blei […]

Linbekk bru – Øvrebø

Linbekk steinkvelvbru 26. mars 2024. Foto.

Linbekk bru ligg på Reiersdal i Øvrebø, og var ein del av den gamle setesdalsvegen. Brua er ei steinkvelvbru, bygd i 1861. Ho var i bruk til 1887 (eller 1884). Då blei vegen lagt om i Lintjønnkleiva, og kom meir i det området Riksveg 9 ligg i dag. Dei gamle bruene er fantastisk fine fotomotiv! […]

Furua på Eikjåknodden – Bygland

Den vesle furua på Eikjåknodden 18. mars 2023. Foto:

Denne vesle furua står og trossar vér og vind på ein liten odde som stikk ut lengst sør på Eikjåknodden, på Bø på vestsida av Byglandsfjorden. Eg fotograferte den same furua 2. desember 2018. Ho har ikkje vekse så mykje. Ho står vel på litt skrint næringsgrunnlag. Eikjåknodden er regulert til hyttefelt. Eg håpar treet […]

5000 bilete på Setesdalswiki

Kallefossbru nr. 1. Foto.

I dag la eg inn mitt bilete nr. 5.000 på nettleksikonet Setesdalswiki. Det ligg ein del tidsbruk og arbeid bak, ikkje minst på tur ute i landskapet, så det er moro å ha fått til. Bileta er i hovudsak illustrasjonsfoto til all slags artiklar. Eg tykkjer artiklane som oftast blir meir informative og leseverdige, når […]

Longerak kraftstasjon: Kathe Merete Kjetså med kunstverk om kunstverket!

Longerak kraftstasjon. Utsnitt av framsida på heftet. Foto.

Kathe Merete Kjetså legg i desse dagar siste hand på heftet sitt om Longerak kraftstasjon i Bygland. Longerak kraftstasjon blei bygd i 1915, og ligg som ei lita middelalderborg inne i skogen på oppsida av Riksveg 9 på Longerak i Bygland. Mange har nok aldri sett dette «eventyrslottet». Men stasjonen er framleis i drift, og […]

Kveld over den gamle husmannsplassen

Husmannsplassen Hagen i kveldsmørket 28. november 2023. Foto.

Den gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit populært fotomotiv. Her er eit sjeldan bilete av husmannsstoga i kveldsmørkret. Eg gav ut eit heilt lite hefte med bilete frå dette «berømte» og sjeldne kulturminnet i Setesdal for ei tid sidan. Der er det med eit bilete tatt i skumringa. Men ingen heilt i […]

Husmannsplassen Hagen – i bilete

Stogehuset og stolpehuset i Hagen i vinterdrakt. Foto.

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]

Stilfull opning av «Fotoblikket mitt» på Stoga

Kathe Merete Kjetså. Portrettfoto.

Det var forventningsfull stemning då «Fotoblikket mitt», bildeutstillinga til Kathe Merete Kjetså, opna på Stoga i Bygland søndag. Kathe er kanskje mest kjend for mange som landskapsfotograf i nedre Setesdal. Ho har si eiga Facebookside, Sørfoto, der ho jamt og trutt legg ut nokre av dei nydelege bilda sine. Men utstillinga på Stoga er med […]

Kathe Merete Kjetså med utstilling av bilete på Stoga

Trappa inne i tårnet i Longerak kraftstasjon. Foto.

Hobbyfotografen Kathe Merete Kjetså kjem til Stoga i Bygland med salsutstillinga «Fotoblikket mitt». Opninga er søndag 26. mars kl. 12.30. Kathe bur i Krossen i Evje og Hornnes. Ho er kanskje mest kjend for dei mange vakre landskapsbileta sine frå Iveland, Evje og Hornnes og Bygland. Ho har i ei årrekke gleda oss med lokale […]