Tyske forsvarsstillingar i Bjørnarådalen

Tyskarane bygde opp fleire forsvarsstillingar i Bjørnarådalen i Bykle, rundt 1,6 km aust for Bjørnarå, under andre verdskrigen. Det kom tyske forsvarsanlegg fleire stader i Bykle. Tormod Christiansen utarbeidde i 2017, på oppdrag frå Bykle kommune, ein rapport med kartlegging av tyske festningsverk i kommunen i krigsåra. Opplysningane her er henta frå den rapporten. Byklestigen […]
Det tyske sperreanlegget ved Byklestigen – austsida

Ved Byklestigen, på begge sider av Bykil, bygde tyskerane opp eit sterkt sperreanlegg under andre verdskrigen. Byklestigen var ut frå geografien på staden eit naturleg sperrepunkt. Terrenget gjorde omflankering av staden vanskeleg. Stillinga var rekna som eit særs sterkt sperreanlegg. Hovuddelen av stillinga var vendt mot sør. Tanken var å stanse ein fiende på veg […]
Kanonstillinga på Bjones i Bykle

På Bjones, rett nord for Byklestigen, ligg det att garasje og standplass for ein tysk panservernkanon under andre verdskrigen. Anlegget på Bjones var ein liten del av ei større sperrestilling i området rundt Byklestigen. Det var anlegg på begge sider av Bykil. Eg vil skrive meir om dei anlegga seinare om det høver seg slik. […]
Galtelandskanalen, eit minne frå krigen

Dette var ein landbrukskanal som blei grave ut på Galteland i Evje under 2. verdskrigen, truleg i åra 1942–1944. Ein tropp frå Arbeidstenesta utførte arbeidet. Jørg Godtredsen var med i arbeidet, og har fortalt mykje om det i kultursoga for Evje og Hornnes. Det blei reist ein minnestein etter arbeidet, som ein framleis kan sjå i vegkanten langsmed FV-42 […]
Tyskarminnevegen – Moisund

Tyskarminnevegen var eit vegprosjekt som okkupasjonsmakta sette i gong ved Slettefet på Moisund under 2. verdskrig. Dei ville rette opp hovudvegen – Setesdalsvegen – mellom Kvernhusmyra og Skorva rett sør for Slettefet. Store mengder sprengt stein og fleire fjellskjeringar ligg framleis og minnar om at prosjektet aldri blei ferdig. Slettefet–Skorva–Kvernhusmyra på Norgeskart.no Veg ved Ærekilen Stykket mellom Kvernhusmyra og Skorva […]
Tårnet – Longerak

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde levd under trange kår. […]
Bunkersen ved Lisletjønn i Bykle

Ved Lisletjønn, på veg innover mot Bossvatn i Bykle, er det ein ganske intakt bunkers og maskingeværstilling som tyskerane bygde under 2. verdskrigen. Stillinga var truleg meint å skulle sikre den nord-vestre flanken til hovudstillinga, som var ved Byklestigen. Men verken hovudstillinga ved Byklestigen eller stillinga her ved Lisletjønn var fast bemanna med tyske soldatar under […]